Heidrar formidlaren Aarebrot med årleg forelesning
Den første Aarebrotforelesninga vil bli halden hausten 2018.

Hovedinnhold
Fredag 19. januar 2018 ville ha vore Frank Aarebrot sin 71-årsdag. Professoren og formidlaren hadde forelesninga som eit av sine sterkaste arbeidsverktøy, og ideen om å heidre han med dukka opp raskt etter hans død i september ifjor:
– Vi har beslutta å avhalde ei årleg minneforelesning for Frank Aarebrot. Forelesningane skal i hans ånd vere for folk flest, sa UiB-rektor Dag Rune Olsen i minneordet ved gravferda.
– Frank Aarebrot hadde eit unikt engasjement for faget, og ei formidlingsevne og formidlingsglede som var i særklasse, seier prorektor ved UiB, Margareth Hagen.
Den første av desse forelesningane vil bli avhaldt i Universitetsaulaen haust, i samarbeid med familien til Frank og Studentersamfunnet i Bergen. Kvart år vil desse bli haldne av ulike forelesarar med ulike tema.
– Med denne årlege forelesninga ynskjer vi også å feire den muntlege formidlingstradisjonen som Aarebrot var ein så viktig og sterk representant for. Vi ser fram til å om ikkje så altfor lenge kunne presentere både kven som skal avhalde forelesninga og kva som blir temaet, seier Hagen.