Hjem
Aktuelt
ARCTIC FRONTIERS

UiB på Arctic Frontiers

Universitetet var godt representert på Arctic Frontiers-konferansen i Tromsø. UiB baud mellom anna på forsking på haldningar til el-bilar og oljeutvinning, klimadebatt, samt presentasjon av satsingar på marine miljø og bærekraftig hav. UiB og Norsk Polarinstitutt kunne også lansere eit nytt samarbeid.

Snowmobile on Svalbard
Foto/ill.:
Kim E. Andreassen, University of Bergen

Hovedinnhold

UiB var i år tilstades med forskarar frå det marine miljøet, klimaforskarar frå UiB og Bjerknessenteret, samt Norsk medborgerpanel under den årlege konferansen i Tromsø. Dei vil legge fram undersøkelsar om nordmenns haldningar til elbilar, synspunkt på oljeboring i Nordområda og på plastforsøpling i kjølvatnet av plastkval-saka. Medborgerpanelet er ei internettbasert undersøking om nordmenn sine holdninger om viktige samfunnstema. 

UiB arrangerte også klimadebatt med mellom andre olje- og energiminister Terje Søviknes, der spørsmålet om framtida til norsk olje- og gassutvinning var tema. Hendinga blei strøyma på facebook-sida til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og kan sjåast der

På denne sida har vi samla nokre av hovudpunkta frå det UiB presenterte under konferansen.