Hjem

Aktuelt

Nyheter

– Konfliktane rundt vatn blir stadig sterkare

– Vasskrisa i Cape Town set stort press på myndigheitene, seier statsvitar Siri Gloppen, som har følgt Sør-Afrika i ei årrekkje. No forskar ho på retten til vatn.

Vasskrise i Cape Town

Bilde av innbyggjarar i Cape Town som hentar vatn frå vannstasjon.
Her hentar innbyggjarar i Cape Town drikkevatn frå ein vasstasjon. Vassmangelen blei erklært å vere ei nasjonal krise i februar 2018.
Foto:
Nick Bothma/EPA

- Det som skjer i Cape Town er dramatisk på mange måtar. Materielt sett fordi det er for lite vatn til å dekke behova, sjølv om ein hadde ei rettferdig fordeling ville det ha vore knapt, men det er også dramatisk politisk. Dei lokale styresmaktene blir anklaga for å i for liten grad ha føresett dette, men også for ikkje å ha handtert krisa godt nok, seier statsvitar Siri Gloppen.

Ho har følgt Sør-Afrika tett i fleire tiår. Gloppen begynte å arbeide med landet då det framleis låg under apartheid-styre, og har vore spesielt opptatt av korleis rettigheiter og rettsinstitusjonar kan bidra til å skape sosial endring i regionen.

No står retten til vatn, fram som særleg viktig.

- Regionen har store utfordringar når det gjeld styresett, men det finst også vilje til å bygge institusjonar som kan skape endring. I Sør-Afrika har ein jobba for at folk i større grad skal bli bevisste på pliktene som ligg på staten når det gjeld sosiale rettigheiter. No er det eit særleg fokus på vatn, og dette stiller store krav til styresmaktene, seier Gloppen.

Forskar på retten til vatn

I det Cape Town går mot å bli den fyrste storbyen i verda som tømmer vasslagera, jobbar Gloppen inn mot eit forskingsprosjekt om nettopp retten til vatn, og i kva grad denne gjer styresmaktene ansvarlege overfor si eiga befolkning.

Det internasjonale forskingsprosjektet har base ved Centre on Law and Social Transformation, der Gloppen også er senterleiar. Bakgrunnen for prosjektet er eit stort, og nokre stader aukande, problem med mangel på vatn i mange land, der storindustri og ei befolkning i vekst kjempar om dei same ressursane medan klimaendringar reduserer vassforsyningane.

    I eit forsøk på å sikre ei større prioritering av behovet for vatn, særleg hos fattige og marginaliserte grupper, blei retten til vatn i 2010 anerkjent som ein internasjonal menneskerett gjennom FN-kommisjonen. Tidlegare vart vatn sett som del av retten til mat, men no blei tydinga understreka ved at retten blei skilt ut.

    Men om og korleis dette faktisk hjelper dei med dårlegast tilgang på vatn, eller om det tvert om kan gjere situasjonen verre for dei som treng det mest, veit ein enno ikkje.

    Må vite kva strategiar det er verdt å prøve

    - Vasskrisene kjem til å komme stadig tettare, konfliktane rundt vatn blir stadig sterkare. Me må vite kva som skjer, for å vite kva strategiar det er verdt å prøve når ein jobbar for å auke tilgangen til vatn. Har det å gjere vatn til ein menneskerett, som er ein måte å styrke retten til vatn på, faktisk ført til at fleire får betre tilgang?, seier Gloppen.

    Menneskeretten følgjer med ulike ulike typar "vaktarar". FN har oppnemnt ein eigen Spesialrapportør for retten til vatn som skal følgje med på utviklinga og gi råd, og når land skal rapportere til FN om menneskerettssituasjonen i landet, er retten til vatn no ein klarare del av menneskerettsansvaret. Det same gjeld for nasjonale menneskerettsorgan og for domstolane, nasjonalt og internasjonalt.

    - Me prøver å sjå om menneskeretten og det den medfører, som vaktarar, har noko å seie. Tek styresmaktene retten inn i politikken sin, kjem det saker opp i domstolane? Brukar det sivile samfunnet og NGOar retten som eit verktøy, er retten til vatn oppe i diskusjonen av vatn i media? Har det ein god eller dårleg effekt, verkar det? Dette må me finne ut av.

    Hjelper eller forverrar retten til vatn?

    I Cape Town tel ein no ned til dag null, dagen då vatnet blir stengt av og befolkninga må hente sine tildelte 25 liter dagen ved offentlege stasjonar.

    I mellomtida må dei som før har kunne bruke så mykje vatn dei vil, klare seg med 50 liter dagen. Men vassmangel er ikkje noko nytt for deler av befolkninga, som vil seie at dei alltid har hatt slike restriksjonar.

    - Det nye no er at middelklassen også må kjenne på dette, jobbe for å skaffe seg vatn og stå i kø. Fyrst når det blir ei plage for andre enn dei aller fattigaste høyrer me om det, seier Gloppen.

    Klasseperspektivet har dei også med seg inn i prosjektet, med særleg mål om å undersøke om vatn som ein menneskerett er eit nyttig verktøy for å sikre tilgangen til vatn for marginaliserte grupper, eller om retten har blitt "overtatt" av rikare, meir ressurssterke menneske.

    - Eit generelt problem med rettar er at det kan vere dyrt å komme til domstolane. Det kan vere eit spørsmål om ein når dei dårlegaste stilte. Når det gjeld forureining har det i India blitt påpeikt at det er lett å ta saker til domstolen, og mange har gjort dette for å få slutt på forureining i byane. Det har fått forureininga ut av områda der middelklassen bur, medan andre har fått lengre veg til jobb. Det forbetrar liva til nokon, men ikkje for dei vanskelegstilte, seier Gloppen.

    Mange av dei som blir hardast ramma av dårleg tilgang på vatn i verda, er jenter og kvinner. Oppgåva med å skaffe vatn fell ofte på dei, og det kan oppta store deler av dagen for mange. På grunn av menstruasjon og fødslar er også kvinner meir avhengige av gode sanitære forhold og tilgang på vatn. Særleg blant dei fattigaste er dårleg tilgang på vatn ekstra prekært.

    - Det kan vere ei fare for at nokre grupper med dårleg tilgang på vatn, men ikkje den verste, vil kunne bruke retten og fortrenge omsynet til folk med ei svakare stemme. Dette spørsmålet stiller me fordi me har sett at dette har vore eit problem når det gjeld andre rettar. I strategiar for å betre folk sine rettigheiter satsar ein ofte på dei som er mange og lette å nå, ikkje alltid dei fattigaste. Fordi det er mykje konkurranse om vatn, er dette eit viktig spørsmål å stille seg, seier Gloppen.

    Retten til vatn i grunnlova

    Forskarar frå Norge, Sør-Afrika, USA, India og Peru bidreg inn mot prosjektet, som undersøker korleis retten blir brukt i Sør-Afrika, Brasil, India, Peru og Costa Rica.

    Det er enno for tidleg å seie noko om resultata, men forskarane trur at det å gjere vatn til ein menneskerett har mindre å seie i land der vatn alt er nedfelt i grunnlova.

    I Sør-Afrika, der konkurransen om vatnet har spissa seg til med vasskrisa i Cape Town og minkande vassforsyningar i fleire deler av landet, blei retten til vatn nedfelt i grunnlova i 1996. Retten er ikkje ein fullstendig, men skal utvikle seg gradvis innan tilgjengelege ressursar. Dette var ein forhandlingsprosess der ein del av kompromisset var at ein ikkje berre skulle ivareta sivile og politiske rettar, men også sosiale og økonomiske velferdsrettar, fortel Gloppen.

    - Dette skulle sikre at grunnlova ikkje berre skulle vere ein mekanisme for å beskytte eksisterande interesser, men skape sosial og økonomisk endring. Ei heil rekke sosiale rettar ble nedfelt i grunnlova; retten til mat, helse, skulegang, husvære og vatn. Dette var relativt radikalt. Grunnlovsrettar er fyrst og fremst der for at myndigheiter skal ivareta og prioritere dei når dei utformar politikken, men domstolane i Sør Afrika har mandat til å kjenne lover ulovleg dersom dei bryt med grunnlova.

    - Forpliktar styresmaktene

    Etter innføringa av vatn som rettigheit i grunnlova i Sør-Afrika, blei domstolane brukt til å kjempe for retten til vatn.

    Den fyrste saka som var oppe i domstolane, var knytt til ein politikk der folk, mellom anna å hindre overforbruk, i større grad måtte betale for vatnet dei brukte. Dette gjaldt også folk i fattige bydelar som måtte nytte såkalla prepaid meters, kor dei måtte betale i forkant og dermed ikkje fekk ut vatn om dei ikkje hadde pengar. Det skapte mykje frustrasjon. Også fordi folk i rikare bydelar slapp dette, dei kunne fortsatt betale i etterkant. 

    Ein frivillig organisasjon tok saka til retten, og vann fram i fyrste runde, før dei tapte i grunnlovsdomstolen.

    - Organisasjonen ønskte å auke kor mange liter gratis vatn folk har rett på for å dekke grunnleggande behov, men grunnlovsdomstolen meinte saka betre kunne handterast politisk. Dei siste åra har det ikkje vore mange saker om vatn i domstolane. Dei som har kjempa for retten til vatn, har gjerne jobba på andre måtar. Men det betyr ikkje at denne retten ikkje har verdi, forpliktinga som ligg på styresmaktene er der, seier Gloppen.

    - Det er også interessant for oss å sjå korleis den internasjonale retten til vatn heng saman med presset som har gjort at nokre land har fått retten inn i grunnlova.

    - Eg har eit ønske og ei sterk tru på at det er mogleg å få til endring og at forsking er viktig. Me veit frå andre prosjekt at både dei som kjemper for ei sak, og dei som tek avgjersler tykkjer det er interessant med forskingsbasert kunnskap som gir informerte og gode argument  Eit forskingsprosjekt kan vere ein liten del av ein større prosess, når det skjer i konstant dialog med ulike lokale aktørar. At dei blir sterkare i denne prosessen og kan bringe inn nye typar kunnskap er viktig. Dette er ein type kunnskap som det finst for lite av, seier Gloppen.

    - I kva grad skuldast vasskrisa i Cape Town tørke, og i kva grad skuldast det politikk?

    - Klimamessig er det ein ekstraordinær situasjon. Krisa kjem etter tre år med tørke, og fenomenet ligg kanskje utanfor det ein kunne forvente, men samtidig har ein ikkje hatt god nok beredskap. Situasjonen stiller store krav til politikken.