Hjem
Aktuelt
Publisert i Nature

Kutte fossilsubsidier for å redusere CO2-utslepp? Det varierar!

Eit studie publisert i Nature gjort av ei gruppe leia av Jessica Jewell konkluderte med at effekten av fjerning av fossilsubsidier vil variere sterkt frå region til region.

Jessica Jewell
Jessica Jewell
Foto/ill.:
Image credit: CEU / Zoltan Adrian, via Creative Commons BY-NC-ND

Hovedinnhold

Subsidiar for fossile brennstoff er på hundrevis av milliardar av dollar verda over, og å fjerne desse har vore halde opp som eit nøkkelsvar for å begrense klimaendringar.

Jessica Jewell er førsteamanuensis II ved UiB på Senter for klima og energiomstilling (CET), og forskar ved International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA). Ho fekk nyleg middel til CONTRACTIONS-prosjektet gjennom Norges forskningsråd.

På globalt nivå vil ikkje fjerning av subsidiar i seg sjølv vere den magiske medisinen mange har håpa på. Fjerning av fossilsubsidiar vil kunne begrense auka i CO2-utslepp slik at dei i 2030 vil vere 1-5 % lågare enn om subsidiane hadde vore oppretthaldt. Dette er uavhengig av høg eller låg oljepris.

Størst påverknad i regionar med olje- og gasseksport

– Orsaken til den vesle effekten er todelt, seier Jessica Jewell.

– Først og fremst gjeld slike subsidier berre for olje, gass og elektrisitet. Det tyder at fjerninga av subsidier av og til kan bety eit skifte til meir utsleppsintensiv kolenergi. For det andre, sjølv om desse subsidia utgjer ganske store summar, er raten per eining energi ikkje høg nok til å ha ein stor effekt på den globale energietterspurnaden, som berre vil krympe med 1-7 % etter subsidia er fjerna.

Sjølv om den globale effekten på utslepp er låg er påverknaden ganske stor mellom regionar. Dei største utsleppsbegrensingane vil vere i områder med mykje olje- og gasseksport som Russland, Latin-Amerika, Midt-Austen og Nord-Afrika. I desse regionane vil utsleppsbegrensingar tilført av fjerning av subsidiar anten tilsvare eller overgå klimaløfter.

– Dette gir ein unik politisk moglegheit til å fjerne subsidia i landa der det vil ha størst effekt på utslepp og minst påverknad på fattige. Styresmaktene i olje- og gassproduserande land er allereie under press for å fjerne subsidier etter kvart som inntektene krymper grunna låge oljeprisar, seier Jewell.

Økonomien i utviklingsland som ikkje er store olje- og gasseksporørar vil på generell basis ha mykje mindre effekt av å fjerne subsidier. Nokre av modellane visar til og med ei auke i utslepp for nokre regionar, som Afrika og India, som resultat av å bytte frå usubsidiert olje og gass og over til kol.

Effekten på fattige

Regionale ulikskaper framhever eitt veldig viktig aspekt ved subsidiefjerning: effekten på fattige. Mange fossilbrennstoffsubsidier var i utgangspunktet satt for å hjelpe lågtlønna, og sjølv om mesteparten av pengane går til rike – dess fattigare du er, dess meir av hushaldningsbudsjettet består av slike subsidier. Difor vil fjerninga av desse påverka deira dagleg liv i mykje større grad.

Til dømes viser studiet at fjerning av subsidia vil bety at eit skifte til moderne brennstoff vil vere utanfor rekkevidda til mange fattige. Konsekvensen er at dei vil vere nøydd til å bruke ved eller kol, som båe gir frå seg klimagassar og er skadelege for helsa.

Den høgste andelen fattige er konsentrert i regionar der fjerning av subsidier vil ha ein svak effekt på CO2-utslepp. Fjerning av subsidia i rikare olje- og gasseksportørland vil difor føre til betrakteleg større utsleppskutt og vil ha ein mindre skadeleg effekt.

– Vi seier ikkje at ein ikkje skal kvitte seg med subsidia. Vi seier at ein treng vere klar over at det kan få ein mindre effekt enn ein hadde håpa, og at det vil få ein uforholdsmessig påverknad på fattige, seier Keywan Riahi, medforfattar og energiprogramdirektør i IIASA.

– Men veldesigna politikkutforming kan gjere fjerning av subsidiar utan å påverke fattige. Forsøk i India fjerna subsidiar på gass for matlaging, men haldt fram med å støtte fattige gjennom tilbakebetaling.