Hjem

Aktuelt

Nyheter

Er det dobbeltmoralsk av Norge å ikkje arrangere OL?

– Ja, seier OL-forkjempar Kristin Vinje til NRK. – Nei, svarar kulturministeren. Filosof Espen Gamlund tek diskusjonen.

Didrik Tønseth med norske fans under OL i 2018

Publikum på tribunen og Didrik Tønseth etter stafett herrer, OL i Pyeongchang Sør-Korea
OL 2018: Didrik Tønseth med norske fans etter herrestafetten der Norge tok gull.
Foto:
Bjørn S. Delebekk/VG

OL-forkjempar Kristin Vinje seier til NRK at det er dobbeltmoralsk at Norge ikkje vil arrangere OL her heime, når me så tydeleg elskar dei norske deltakarane og medaljane, ivrig følgjer med på sendingane og heiar fram.

– Me seier ikkje nei for evig og alltid. Viss me hadde sagt nei for all framtid, er eg einig i at det hadde vore dobbeltmoralsk, svara kulturminister Trine Skei Grande.

Kva er det eigentleg å vere dobbeltmoralsk? Kan Vinje ha rett når ho seier dette er dobbeltmoral, eller gir kulturministerens resonnement meir meining?

– Kva er dobbeltmoral?

– Dobbeltmoral vil seie å operere med ulike moralske standardar i dømminga av moralsk relevant like tilfelle, seier professor i filosofi ved UiB, Espen Gamlund.

– Slik dobbeltmoral kjem til uttrykk på ulike måtar. Den som hevdar at ulike standardar gjeld for kvinner og menn, og som ikkje grunngir det i relevante forskjellar mellom kjønna, kan seiast å vere dobbeltmoralsk.

– Dobbeltmoral kjem gjerne også til uttrykk når me opererer med ulike standardar for eigen og andre sin oppførsel. Som ein tommelfingerregel kan ein kanskje seie at me skal vere like strenge i dømminga av oss sjølve som me er i dømminga av andre. Sagt med andre ord, moralen krev ikkje meir av andre enn den gjer av oss sjølve. Hyklaren, som gjerne er streng i dømminga av kva moralen krev av andre, men barmhjertig i vurderinga av kva moralen krev av seg sjølv, kan seiast å operere med to moralske standardar og er slik skuldig i dobbeltmoral.

– Ein tredje måte som dobbeltmoral kjem til uttrykk på, er når det ikkje er samsvar mellom liv og lære. Eit eksempel her er det religiøse overhovudet som i rollen som prest preiker verdien av å vere medmenneskeleg, men som i privatlivet omsynslaust utnyttar medmenneska sine. Dette liknar på hykleri og kan sjåast som ei form for dobbeltmoral, seier Gamlund.

– Kvifor blir dobbeltmoral sett på som umoralsk?

– Dobbeltmoral blir gjerne sett på som problematisk fordi det bryt med eit viktig moralsk prinsipp om likskap, som seier at like tilfelle skal behandlast likt, og forskjellsbehandling krev ein moralsk relevant forskjell. Dersom du hevdar at det er akseptabelt at menn kler seg utfordrande, men ikkje akseptabelt at kvinner gjer det same, så bryt du med dette prinsippet. Det er dobbeltmoralsk å hevde at me bør operere med kjønnsspesifikke normer for kva som er sømmeleg her, seier Gamlund.

– Det problematiske med dobbeltmoral kjem også til uttrykk i forholdet mellom korleis me dømmer oss sjølv og andre. Me krev gjerne at det skal vere eit samsvar mellom dei moralske krava me stiller til oss sjølve og krava me stiller til andre. Dersom me skal avvike frå dette kravet, så bør me heller vere strengare når me dømmer oss sjølve. Hyklaren snur dette på hovudet ved å vere strengare i dømminga av andre enn kva han er i dømminga av seg sjølv, og difor blir han betrakta med moralske argusauge. 

– Har Vinje rett når ho seier dette er dobbeltmoral?

– Vinje hevdar det er dobbeltmoralsk av Norge å ikkje ville arrangere OL sjølv når me så tydeleg elskar dei norske deltakarane og deira suksess i OL. Resonnementet er med andre ord slik: Me nordmenn likar OL, og me ønsker at OL skal arrangerast, men me ønsker ikkje sjølve å arrangere OL fordi det er for kostbart.

– Eg tykkjer det er å strekke det langt å kalle dette for dobbeltmoral, slik eg har definert det. Det er meir uttrykk for det eg vil kalle moralsk frirytteri eller gratispassasjer-mentalitet. Den moralske friryttaren eller gratispassasjeren oppnår fordelane av eit gode han sjølv ikkje bidreg til fordi det er nokon andre som bidreg til dette godet. To eksempel: Skattesnyltaren ønsker ikkje sjølv å bidra til felleskassa, men oppnår samtidig fordelane av at tilstrekkeleg mange andre bidreg gjennom å betale skatt. Vaksinemotstandaren ønsker ikkje sjølv å vaksinere barna sine, men barna hans oppnår sjølv fordelane av det fellesgodet som er flokkimmunitet fordi tilstrekkeleg mange andre vaksinerer barna sine. Friryttaren er med andre ord ein som urettferdig unnlet å gi sitt rettmessige bidrag til eit gode som han sjølv dreg fordelar av at andre bidreg til, seier Gamlund.

– Tilsvarande kunne me seie om eksempelet med OL. Norge ønsker ikkje sjølv å arrangere OL fordi det er så kostbart, men me ønsker svært gjerne at andre land skal arrangere OL slik at me kan oppnå fordelane av å delta og vinne medaljar. Viss ein legg godvilja til, kan ein kanskje kalle dette for ein type dobbeltmoral, ved at ein her opererer med ulike standardar for kva som blir kravd av Norge samanlikna med kva som blir kravd av andre land. Men eg meinar altså det er meir naturleg å kalle det ein type moralsk frirytteri, som er like problematisk, om ikkje meir problematisk, enn dobbeltmoral meir generelt. 

– Kva med kulturministerens resonnement, gir dette meining?

– Dersom me legg til grunn at det Vinje seier er eit uttrykk for moralsk frirytteri og ikkje dobbeltmoral i tradisjonell forstand, så slepp kulturministeren unda ei skulding om moralsk frirytteri når ho held døra på gløtt for at Norge ein gong i framtida skal søke om å arrangere OL igjen. Dersom ho hadde sagt at ho elskar OL, og ønsker at Norge skal ha mogleheita til å delta og vinne OL-medaljar i uendeleg framtid, men samtidig fastheld at Norge ikkje kjem til å ta sin del av ansvaret for at OL blir arrangert, så ville det vere eit eksempel på frirytteri.

– Ein anna strategi som kulturministaren kunne nytta, ville vere å ta tyren ved horna og seie at Norge ikkje vil arrangere OL i framtida, for eksempel fordi det ikkje er økonomisk berekraftig, og samtidig fasthalde at ho vil akseptere det dersom ingen andre land heller vil arrangere OL. Viss ein meinar Norge har legitime grunnar til ikkje å arrangere OL, må ein samtidig vere open for at andre land kan ha sine legitime grunnar til å fastholde det same. Ei slik haldning ville sluppe unda både skuldingar om dobbeltmoral og moralsk frirytteri.