Her er årets Meltzerprisvinnarar
Meltzerprisen for unge forskarar tildelt Kundan Kumar og Ignacio Herrera.

Hovedinnhold
Meltzerprisen vert delt ut kvart år på fødselsdagen til Lauritz Meltzer, 8. mars. For 2017 vart prisen for unge forskarar utdelt til matematikar Kundan Kumar og jurist Ignacio Herrera-Anchustegui, som båe har bidrege mykje til kvar sine fagfelt.
Herrera har sin doktorgrad frå UiB innan konkurranselovgivning i EU og EØS, vann i i fjor Concurrences-prisen for beste doktoravhandling i Competition Law and Economics, og er publisert i fleire større tidsskrift. Arbeidet hans er allereie blitt referert til av Europarådet og presidenten i den britiske høgsteretten. For tida forskar han på korleis den europeiske energimarknaden påverkast av regelendringar i EU.
– Å bli anerkjent slik har vore ei flott og uventa overrasking. Eg trur Meltzerprisen vil gi meg drivkraft til å utvikle nye forskingsidear og for å diskutere viktige samfunnsmessige utfordringar. Det imponerande arbeidet til tidlegare mottakarar set ein høg terskel for framtidig produksjon, og eg kjenner meg ansvarleg for å strekke meg til standardane dei har satt, seier Herrera som også takkar miljøet ved juridisk fakultet.
Kumar er førsteamanuensis ved Matematisk institutt, og arbeider i geovitskapen med rørsle av væsker og gassar i porøse media. Dette er nytta blant anna for å forstå eigenskapane til olje i jordskorpa eller for å finne opphavet til forureining i vatn. Han set prisen høgt.
– Det er ei ære å ha fått denne prisen. Etter å ha fått Geosciences Early Career Prize i fjor er det å få Meltzerprisen ei utruleg bra kjensle. Det viser berre at eg må arbeide hardare for å halde på tilliten som kollegene har til potensialet mitt, seier Kumar.
Herrera har tre tips til unge forskarar: ver ambisiøs, ikkje ver beskjeden, og arbeid hardt og set mål langs vegen:
– Ein doktorgrad er som Tour de France – lang, slitsom, og delt i etappar. For å nå enden treng du hardt arbeid, kondis og uthaldenheit. Langs vegen må du setje seg oppnåelege mål – både fordi å nå dei gir ny motivasjon, og fordi løpet vil kjennest kortare, seier han.
Kumar meiner det er viktig å hugse feila våre også.
– Vi treng å forstå rolla som nederlag har i liva våre også. Vi veit korleis vi feirar suksess, men veit vi korleis vi taklar nederlag tilsvarande godt?