Hjem

Aktuelt

Nyheter

– Vi treng meir debatt om dronesatsinga

Med ein ny dronestrategi vil regjeringa legge til rette for vekst i bransjen og auka bruk av drone. – Kva gjer den tunge satsinga med personvernet og samfunnsikkerheita, spør redaktør bak ny bok om dronar.

Bilde av drone i lufta
– Skal vi tru ei ny undersøking, vurderer meir enn 800 000 nordmenn å kjøpe si eiga drone, og 230 000 har gjort det allereie, seier professor Astrid Gynnild.

– Dronar endrar samfunnet på måtar vi både ønsker og ikkje ønsker. Men kvar blir det av samfunnsdebatten?, spurte professor Astrid Gynnild på lanseringa av den nye boka om dronar frå ViSmedia-prosjektet ved UiB.

Ho har forska på dronar sidan gjennombrotet i media i 2011, og skildrar feltet som utruleg komplekst og hurtig ekspanderande.

– Noreg er allereie eit føregangsland på sivile dronar, og det er prisverdig at regjeringa er såpass tidleg ute med ein eigen dronestrategi. Samstundes har arbeidet med strategien gått fort og stilt føre seg, og utan særleg debatt i det offentlege rom. Det er mange aspekt ved den skisserte næringsveksten som treng meir lys på seg, seier Gynnild.

Utfordringar for personvernet

Det er førebels forska lite på langsiktige følgjer av ulike sektorar si tunge satsing på droneteknologi. Ikkje minst treng vi som vanlege borgarar meir kunnskap om kva som skjer, meiner Gynnild.

– For det første reiser dronar nye, komplekse problemstillingar rundt personvernet og samfunnssikkerheita. Korleis kan enkeltmenneske til dømes verne seg mot dronefilming når dei ikkje veit om dei blir filma, kven som styrer dronen eller kva opptaka kan bli nytta til? Og korleis kjem folkeretten inn dersom andre styresmakter vil bruke dronar i jakta på terroristar på norsk jord?

– For det andre veit vi lite om kva implikasjonar den storstilte satsinga på dronar kan ha for miljøet. Eg håpar det ikkje tar 50 år, slik det gjorde med plasten.​​​​

– Vil kunne endre samfunnet på linje med bilen

I dag blir droneteknologi mellom anna brukt til å overvake kraftlinjer, bruer, trafikk og flaumområde, og bruken ekspanderer i alle delar av samfunnet. Gynnild peikar på at vi snart vil erfare dei fyrste dronetaxiane også i Europa, og at det finst eit stort potensial for dronar til sjøs, både til inspeksjon, frakt av varer og ikkje minst overvaking. Rundt om i verdshava patruljerer det allereie fleire tusen dronar.

– I luftfartsindustrien er det jo den ubemanna luftfarten, altså droneflyginga, som har auka mest dei tre siste åra. Når EU no jobbar med å utvikle U-space, eit system som skal regulere den framtidige trafikken i lågare luftrom under 120 meter, vil det og ha store konsekvensar for Noreg. Dronar vil på sikt kunne endre strukturane i samfunnet i like stor grad som bilen har gjort, meiner Gynnild.

– Men den profesjonelle satsinga på dronar er jo berre ei side av saka. Hobbypilotar, dei som kjøper dronar på internett eller i butikk, kjem i tillegg. Skal vi tru ei ny undersøking, vurderer meir enn 800 000 nordmenn å kjøpe si eiga drone, og 230 000 har gjort det allereie.

Denne undersøkinga er gjort på vegne av UAS Norway av analyseselskapet Opinion, som har gjort eit estimat basert på svar frå eit representativt utval av befolkinga med 500 respondentar.

– Krevande å regulere

I regjeringa sin nye dronestrategi blir det lansert 25 initiativ for korleis norske myndigheiter skal legge til rette for vekst i dronebransjen og auka bruk av dronar, saman med mål for korleis ein skal få på plass regelverk og styrke sikkerheitsarbeidet.

Boka «Droner i sivilsamfunnet», som spring ut frå det tverrfaglege forskingsprosjektet ViSmedia ved Institutt for informasjons- og medievitenskap ved UiB, blei lansert parallelt med at regjeringa sin nye dronestrategi blei lagt ut på regjeringa sine nettsider.

I boka bidrar ti ekspertar frå dronefeltet med nye perspektiv på kva som skjer og kva sivilsamfunnet treng å vere merksam på, frå ansvarleg dronepolitikk i Arktis til dronar i utdanning og dronar si mørke side.

– Droneteknologi handlar jo om fjernstyring av ulike typar operasjonar. Sidan dronar, nærast i lynfart, har utvikla seg til avanserte sensorplattformer som lett hentar komplekse persondata, er dette feltet krevjande å regulere. Berre det å vite kven som står bak ulike droneoperasjonar er ei stor utfordring for land med demokratisk transparens, seier Gynnild. Uansett kor mykje det blir satsa på lovverk og sertifiseringar for å regulere dronebruken i ønska retning, kan ein få misbruk som lett kan komme ut av styring.

– Stikkord her er utviklinga av autonome dronar og dronesvermar som sjølv avgjer mål og midlar. Dronar blir jo og i aukande grad brukt til kriminalitet og terror i andre delar av verda. Vi må dessutan ta høgde for risiko med store mengder nano- eller mikrodronar, som no blir utvikla i rasande fart, spesielt i USA. Urban krigføring med avanserte mikrodronar på storleik med insekt er ikkje lenger berre science fiction.

– Det viktigaste er lite framme i media

Det starta med dronar i media: Korleis blir sivile dronar dekka som ein ny teknologi? Kva aspekt kjem fram i offentlegheita, og i kva grad er nyheitsmedia opptatt av å utforske dei moglegheitene som kameradronar gir? Kva er lov og ikkje lov?

Men forfattarane bak boka fann raskt at dekninga i media var fragmentarisk og prega av mykje kuriosastoff om dronar. Det viktigaste som skjer i sivilsamfunnet, både teknologisk og politisk, er enno lite framme i media.

– Utviklinga innan droneteknologi reiser mange juridiske og etiske problemstillingar som vi treng å vite meir om. Difor gikk vi bak nyheitsmedia for å finne ut meir om kven og kva som styrer dronebruken i sivilsamfunnet. Vi har søkt å finne ut kven aktørane er, korleis dei samhandlar og kva grep styresmaktene gjer for å trygge dette raskt veksande feltet. For sjølv om temaet i liten grad blir utforska i media, skjer det mykje både politisk, i bransjeorganisasjonar, og i ulike nettfora.

– Kanskje heng den manglande samfunnsdebatten saman med at droneteknologi er så kompleks, og at han blir brukt i mange ulike sektorar av samfunnet. Det finst ikkje berre ei forteljing eller ei sanning om kva dronar er kapable til, det finst mange, og kvar sektor er typisk mest opptatt med sine eigne ting. Det er her samfunnsvitskapen kjem inn som ein kunnskapsdisiplin med viktige funksjonar på tvers av sektorar, seier Gynnild.

Lite kjennskap til hobbypilotane

Den nyleg publiserte boka famnar breitt rundt dilemma og utfordringar ved den eksplosive veksten i ubemanna luftfartøy. Her finn ein og eit kapittel som diskuterer nye aspekt ved ein ansvarleg dronepolitikk.

På lista over forfattarar er både forskarar, ekspertar frå Datatilsynet, Teknologirådet, Luftfartstilsynet, mediebransjen og dronebransjen.

– Kva må til for å sikre ei ansvarleg utvikling og bruk av dronar i Norge?

– Norske myndigheiter gjer saman med UAS Norway og andre profesjonelle aktørar eit stort arbeid for å sikre ei ansvarleg droneutvikling både nasjonalt og internasjonalt. Eg trur den største utfordringa framover ligg i den uregulerte delen av dronefarten og aktivitetane til mange tusen hobbypilotar som vi ikkje veit noko om, seier Gynnild. Samtidig treng vi mykje meir fokus på sårbarheiter og samfunnssikkerheit.