Hjem

Aktuelt

Nyheter

Helseklynga får namnet Alrek helseklynge

Helsecampus Årstadvollen skiftar namn til Alrek helseklynge. Det nye namnet på klyngesatsinga blei vedteke på universitetsstyremøte 12. april 2018.

Illustrasjon av Alrek helseklynge
Alrek helseklynge skal etablerast i bydelen Årstad i Bergen. Etablering av kunnskapsklynger er eit viktig ledd i UiB sin strategi for å vidareutvikle framifrå forskings- og utdanningsmiljø.

Helseklynge-prosjektet er initiert av Universitetet i Bergen, og har som mål å etablere eit internasjonalt kraftsentrum som skal skape innovative helse- og omsorgsløysingar i primærhelsetenestene for heile mennesket, ved hjelp av framifrå forsking og utdanning, fullverdige praksisarenaer og tverrfagleg samhandling. Førebygging og løysingar for å møte framtidas helseutfordringar skal ha særleg fokus.

Det tidlegare namnet på helseklynga, Helsecampus Årstadvollen, har vore diskutert med jamne mellomrom både i arbeidsgruppa, styringsgruppa og i deler av fagmiljøa heilt sidan initiativet til å etablere ei helseklynge blei tatt.

No er det klart at det nye namnet på klyngeprosjektet blir Alrek helseklynge.

Viktig å tydeleggjere klyngesatsing

Under arbeidet fram mot namneskiftet har det blitt foreslått namn som inneheld primærhelseteneste, folkehelse og innovasjon, men desse namna blei vurdert å kunne vere avgrensande, og ikkje samlande, for initiativet.

Styringsgruppa ønskte å gå bort frå omgrepet "campus", då det normalt syner til eit område utanfor bykjernen, og ein ønskte at omgrepet klynge skulle inngå i det nye namnet. Styringsgruppa meinte også at ein burde unngå eit namn med den særnorske bokstaven «å».

– Vi er godt fornøgde med det nye namnet «Alrek helseklynge». Det var viktig for styringsgruppa å synleggjere at dette er ei kunnskapsklynge, etablert for å utvikle fagleg samarbeid mellom aktørane.  Alrek som stadnamn har klare historiske røter og me håpar namnet vil bidra til å forankre klynga i Bergen, samtidig som at namnet vil kunne fungere internasjonalt og verke inviterande utover bergensregionen, seier viserektor for tverrfaglig virksomhet og store satsinger ved UiB, Robert Bjerknes.

Namn med historiske røter

Alrek stammar frå det norrøne Alrekr. Dei eldste skriftformene av namnet finst som fyrsteledd i det gamle namnet på kongsgarden Álreksstaðir, den eldste kongsgarden i Bergen. Namnet Alrekr var den opphavlege namneforma på det som i dag er fjellnamnet Ulriken, seier professor i nordisk språk ved UiB, Gunnstein Akselberg.

– Gardsnamnet Álreksstaðir tyder rett og slett staðir-garden som ligg ved (foten av) fjellet Alrekr. Seinare er gardsnamnet Álreksstaðir blitt trekt saman til namneforma Årstad.

Fjellnamet Álrekr er sett saman av førestavinga, prefikset, al, som finst i moderne nynorsk som ål i tydinga ’all, heil’. Hovudleddet i fjellnamnet er rekr, som svarar til norrønt ríkr med tydinga ’rik, mektig, vørd’, og som er eit lån i norrønt frå keltisk. Til den same språklege rota som ríkr er verbet rekja som tyder ’rekkja ut, strekkja, breia ut’.

– Den nærliggjande tydinga av samansetjinga av al og rekr er ’noko som ris opp eller ruvar, noko mektig’. Namnet Alrekr skulle då kunne tyda ’den høgvørde, ruvande, mektige’, noko som høver svært godt for fjellet Ulriken, seier Akselberg.

Gammal kongsgard

Álreksstaðir var ifølgje sagaene kongsgard alt på Harald Hårfagres tid (ca. 870 – 930).

– Snorre skriv i Heimskringla, forfatta omkring 1230, at Harald på sine gamle dagar var mest på kongsgardane Utstein, Avaldsnes, Fitjar, Alrekstad og Seim. På 1920-talet blei ein stor gravhaug frå 400-talet øydelagt, og ein gravhaug frå vikingtida (800 – 1000) er også påvist og delvis rekonstruert i Fløenbakken, seier professor i historie ved UiB, Geir Atle Ersland.

Sonesonen til Olav Kyrre, Øystein Magnusson, flytta tidleg på 1100-talet kongsgarden frå Alrekstad til Holmen, det området som i dag er Bergenhus. Etter flyttinga høyrer me mindre om Alrekstad, men garden er nemnt både i Sverres saga (siste del av 1100-talet) og Håkon Håkonssons saga (1217 – 1263). Sitt siste kongelege besøk hadde den gamle kongsgarden truleg i 1599 da Christian 4. rei opp til Årstad «og gjekk inn i huset og spiste eit fat mjølk med ei hornskei», fortel Ersland.

– Årstad var i heile mellomalderen og heilt fram til slutten av 1800-talet ein av dei største gardane i distriktet. Kongsgarden har sannsynlegvis blitt gitt til Nonneseter kloster som ei kongeleg gåve, kanskje alt ved opprettinga av klosteret på 1100-talet. Klostergodset blei overført til Vincens Lunge i 1528 og Alrekstad, som no blei kalla Årstad, følgde sannsynlegvis med.

- Kan bidra til identitet

I diskusjonen fram mot det nye namnet på helseklynga, har det blitt peika på at denne historia kan bidra til å skape identitet, samtidig som at namnet vil fungere internasjonalt.

I løpet av prosessen med å avgjere det nye namnet, har det også blitt peika på at ein burde velje eit namn som ikkje kan forvekslast med andre aktørar på same felt. 

Vedtaket blei gjort på universitetsstyremøte 12. april 2018.