Hjem
Aktuelt
Chrstieprisen 2018

Dan Olweus vinner Christieprisen 2018

– Ein endrar ikkje skulen over natta, seier mobbeforskningens ‘gudfar’. Hans nye analyser viser at minst 10 000 elever i norsk grunnskule er utsett for grov mobbing.

Dan Olweus vinner Christieprisen 2018

Dan Olweus er ei ruvande skikkelse innan mobbefeltet. Han har vore tilknytta Universitetet i Bergen i meir enn 40 år som professor. No arbeider han frå heimekontor, men er til trass for sine 87 år i full aktivitet, og seier han framleis har mange uskrivne artiklar på planen.

I 1973 gjennomførte han den første vitskaplege undersøkinga i verda på mobbing, som resulterte i boka «Hakkekyllinger og skolebøller», seinare som professor i Bergen gjorde han den første systematiske intervensjonsstudien på mobbing frå 1983-1985. Det vart starten på eit fagfelt, det som skulle bli Olweusprogrammet, og ei lang karriere innan mobbeforskning:

– Eg hadde ikkje aninga om korleis dette skulle utvikle seg – i lang tid arbeidde eg så godt som åleine internasjonalt. Først på 90-talet kom ein engelsk, og så en australsk, forskar som ville gjere det vi gjorde i Bergen på 80-talet.

10 000 barn i norsk grunnskule er utsatt for grov mobbing

Sidan den gongen har mobbeforskinga vokst og vokst. Spesielt tok det av på tidleg 2000-tal, seier Olweus, og nemner at det frå 2010 og utover har det vore meir enn 5000 artiklar i vitskaplege journalar om emnet. Og forskinga gir eit nok så eintydig bilete,

– Ei massiv internasjonal og nasjonal forsking visar at det bli utsett for systematisk mobbing over tid får meget store negative konsekvensar på ei rekkje livsviktige område, både på kort og lang sikt.

– Eg har gått inn i våre databasar og sett nærare på kor mange elevar som oppgir at dei har vore utsett for regelmessig mobbing over fleire år: Det dreier seg om eit sjokkerande antal, minst 10 000 elevar i dagens norske grunnskule. Eg kan ikkje sjå at Utdanningsdirektoratet og politikarane våre har teke ordentleg innover seg kva slik alvorlig mobbing inneber: store personlege lidingar, ei rekkje negative konsekvensar psykologisk, akademisk og helsemessig, og dessutan enorme framtidige kostnadar for samfunnet.

Han meiner dette er langt over kva me bør tolerere i ein skule der «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring».

– Å få bukt med desse enorme problema vil kreve langt meir systematiske og kraftfulle innsatser mot mobbing enn det vi har sett i seinare år.

Var med å legge grunnlag for FN sitt anti-mobbearbeid

Grunngjevinga for årets Christiepris seier: «det er åpenbart at Olweus har vore ein nyskapande brubyggjar mellom forsking og forskingsbasert praktisk intervensjonsarbeid, og at forskinga hans har hatt meget stor internasjonal gjennomslagskraft».

– Eg har alltid vore interessert i å drive med forsking som har sosiale og praktiske konsekvensar. Det har vore meget tilfredsstillande å kunne dokumentere at Olweusprogrammet vanlegvis reduserar nivået nivået på mobbing med 30-50 % etter 1-2 års arbeid. Vi har no gjennomført åtte store intervensjonsstudier over ein periode på 35 år med over 100 000 elevar, og no sist ei meget stor studie med amerikanske elevar i delstaten Pennsylvania. Denne siste studia er no under publisering i eit amerikanske tidsskrift. Olweusprogrammet er faktisk ansett for å vere det mest populære antimobbeprogrammet i USA. I ei metastudie av alle anti-mobbeprogram i verden, utført av forskarar ved Cambridge University, kom programmet ut som det beste, seier Olweus.

Gjennom karriera har hans store innsats vore at mobbing har gått frå å vere oppfatta som «ein naturleg del av å vekse opp», til eit presserande sosialt problem. I 2016 vart han invitert for å kome med sine synspunkt til FN si Special Unit on Violence against Children som førebudde generalforsamlingens behandling av ein «global strategy against bullying».

– Olweusprogrammet kan best beskrivast som ei serie samordna, forskingsbaserte tiltak på skule-, klasse- og individnivå, som går ut på å skape eit trygt og godt skulemiljø med eit minimum av mobbing. Diverre har flittig 'synsing' i norsk media om at antimobbeprogram som Olweusprogrammet ikkje fungerar, ført til at det i seinare år har vore få nye skular som byrjer med programmet.

Hans fem forslag inngår i den FN-redigerte boka «Ending the torment – tackling bullying from the school yard to cyberspace».

– Det er klart det er veldig hyggelig at Noreg får eit sånt gjennomslag på globalt nivå, seier Olweus.