Slik var Christiekonferansen 2018
Christiekonferansen utforska i år toleransens grenser. Med diskusjonar som strekte seg frå ytringsfridom til metoo og integrering var det eit breidd spenn i både innhald og meiningar på årets konferanse.
Hovedinnhold
Kva betyr toleranse i vår tid? Kor mykje kan vi tolerere? Kven bestemmer kva vi skal tolerere? Den niande Christiekonferansen, den 25. april 2018, utforska toleransens grenser frå mange ulike perspektiv.
Som ein av Noregs viktigaste møteplassar for akademia og nærings-, kultur- og samfunnsliv samla den gjester frå mange ulike fagfelt. Blant dei mest framståande var Toril Moi, professor i filosofi og litteratur ved Duke University, og alumna frå Universitetet i Bergen.
– Eg vert djupt irritert kvar gong nokon snakkar om å vere tolerant. Kvar gong nokon snakkar om toleranse er det nokon som vert utstøytt, men tolerert, sa Moi frå scena.
Spesifikt trakk ho fram tre begrep ho meinte det var viktig å utforske rundt toleranse: Hannah Arendts kritiske toleranse, Iris Murdochs oppfordring til å sjå røynda med «eit rettferdig og kjærleg blikk», og Stanley Cavells «acknowledgement» – anerkjenning. Sistnemnde for å utvide irritasjonen ho kjenner ved toleransebegrepet.
Toleranse i helsevesen, arbeidsliv og samfunnet
Diskusjonar gjekk på korleis toleranse skal forståast i helsevesen, arbeidsliv og samfunnet ellers. Aiman Shaqura – som kom til landet som flyktning, og seinare vart seriegründer og kav totning – meinte arbeidsgivarar burde «tænke æinslæs».
Inkludering er viktigare enn integrering når det gjeld å få flyktningar inn i arbeidslivet, meiner han:
– Er det å vere integrert ei ferskvare? Brunost, lutefisk, god til å gå Birken? For da har ikkje berre eg eit problem, men mange av dykk også.
- Gjekk du glipp av #Christie18? Sjå konferansen om igjen her
- Sjå bilete frå Christiekonferansen 2018 på Flickr
Fekk Christieprisen for antimobbearbeid
Christieprisen for 2018 gjekk til professor emeritus Dan Olweus, for sitt arbeid som antimobbepionér. Grunngjevinga for årets Christiepris seier: «det er åpenbart at Olweus har vore ein nyskapande brubyggjar mellom forsking og forskingsbasert praktisk intervensjonsarbeid, og at forskinga hans har hatt meget stor internasjonal gjennomslagskraft».
- Les også: Dan Olweus vinner Christieprisen
Han nytta takketalen til å forsøke å avkle nokre myter innan mobbeforskinga:
– Å få bukt med desse enorme problema vil kreve langt meir systematiske og kraftfulle innsatser mot mobbing enn det vi har sett i seinare år, sa Olweus frå scena.
Sidan han grunnla mobbing som forskingsfelt som professor ved UiB på 70-talet har han blant anna fått arbeide inn sine synspunkt og forsking i FN sitt antimobbearbeid.
– Det er klart det er veldig hyggelig at Noreg får eit sånt gjennomslag på globalt nivå, seier Olweus.