Hjem
Aktuelt
Nyheter

No kan du oppleve UiB i 360

Vil du kjenne på korleis det er å komme så tett på som mogleg under ei rakettoppskyting? Bli betre kjent med universitetetsområdet? På Nordiske Mediedager 2018 fekk dei fyrste sjansen til å oppleve UiB i 360.

Unni Dahl og Sylvia Stokke prøver VR-briller på UiBs stand på Nordiske mediedagar
VR: Unni Dahl og Sylvia Stokke testa ut UiB360 med VR-briller under Nordiske Mediedager 2018.
Foto/ill.:
Britt Kristin Ese

Hovedinnhold

– Ein kan reise dit ein ikkje fysisk kan reise, oppleve, forklare og forstå, på ein anna måte, seier Unni Dahl og Sylvia Stokke.

Dei var blant dei fyrste til å få på seg VR-brillene UiB delte ut under Nordiske Mediedagar 2018, og teste ut den nye samlesida UiB360.

Her samlar og syner UiB no fram 360-videoar frå universitetsområdet, forsking og store hendingar. 

– Det er litt rart å oppleve å vere ein anna stad enn der ein fysisk er, seier Dahl og Stokke bak VR-brillene. Men det gir absolutt moglegheiter for undervisninga. Me kan ta med elevane dit ein ikkje har moglegheit til å reise, seier dei to som jobbar som lærarar i medie- og kommunikasjon.

Ny måte å formidle forsking på

Som ein del av forskingsformidlinga universitetet gjer, vil UiB framover samle 360-produksjonar på nett, som skal vere opent tilgjengelege for alle.

No kan du mellom anna oppleve det som var ein historisk dag for Universitetet i Bergen, då teknologi utvikla og bygd på Birkelandsenteret for romforskning (BCSS) blei skutt opp i verdsrommet frå Cape Canaveral, 2.april 2018.

UiB dokumenterte det heile, og med eller utan VR-briller kan du også få ein følelse av korleis det var å vere til stades under rakettoppskytinga. Her kan få med deg det heile frå observasjonspunktet ved NASA Kennedy Space Center i Florida, og oppleve korleis det er å stå så nær ein får lov å komme under ei rakettoppskyting.

– Kan gi unike opplevingar

På UiB360 kan du også nytte sjansen til å utforske dei små krokane, bygga og gatene på universitetsområdet. Her kan du bli med på ein sykkeltur, bli betre kjent med plassen du studerer eller jobbar, eller berre mimre frå studietida.

UiB vil fortsette å samle 360-produksjonar frå mellom anna forskingsaktiviteten ved universitetet framover, som ein del av forskingsformidlinga.

– Eit av UiB sine samfunnsoppdrag er å formidle forskinga me forvaltar til eit breiare publikum. Derfor eksperimenterer me heile tida med nye formidlingsformer, seier Mathilde Holm, fungerande kommunikasjonsdirektør ved UiB.

– 360-video kan gi publikum heilt unike opplevingar av å vere i feltarbeid, for eksempel med geologar på isbreen, i arkeologane sine holer i Afrika eller når teknologi frå UiB skytast opp med ein rakett i Florida. Kanskje kan dette også bli gode læringsfilmar for studentar i utdanning? På uib.no/uib360 vil me framover fylle på med gode eksempel på formidling frå UiB i 360-format.