Fem millionar til styrka samarbeid
Universitetet i Bergen har fått fem millionar kroner frå regjeringa, til styrking av kvalitet og samarbeid etter opprettinga av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD).

Hovedinnhold
– Eg er glad for denne ekstra tildelinga til UiB, knytta til opprettinga av KMD. Det er gledeleg og verd å merke seg at Kunnskapsdepartementet er så tydeleg i sine ambisjonar for vårt nye fakultet, seier dekan ved KMD, Frode Thorsen.
Styrka samarbeid
Frå 1. januar 2017, vart Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) og Griegakademiet slått saman til eit nytt Fakultet for kunst, musikk og design, ved Universitetet i Bergen. Dei fem millionane som no er tildelt frå regjeringa i revidert statsbudsjett, går til å styrke samarbeidet etter samanslåinga.
– Sammenslåinga av KHiB med Griegakademiet – Institutt for musikk har gitt oss eit nyskapande fakultet for kunst, musikk og design, med eit unikt læringsmiljø for våre studentar. Vi er svært glade for å få midlar til å jobbe vidare med å hente ut potensialet i samanslåinga ytterlegare, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.
Førebels er det ikkje avklara kva midlane skal nyttast til.
– Sidan tildelinga ikkje var venta på førehand vil det ta litt tid å avklare korleis vi på best mogleg måte kan få maksimal effekt. Det kjem vi tilbake til, seier dekan Frode Thorsen.
Ressurskrevjande
– Fusjonar gir mange moglegheiter, men er ressurskrevjande å gjennomføre. Difor bidreg regjeringa med ekstra pengar både til Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen, skriv forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø, i ei pressemelding.
Regjeringa har i fleire rundar bidrege med pengar som går til samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing (SAKS) for å styrke kvalitetsutviklinga i universitets- og høgskulesektoren.
Strukturreformen førte til at Noreg gjekk frå 33 statlege universitet og høgskular til 21. Det er ei omfattande reform som har gitt færre, men sterkare institusjonar, skriv regjeringa i pressemeldinga.
– Vi har høge ambisjonar for HVL og UiB. Større og meir robuste fagmiljø styrker institusjonane. Det gjer oss også meir attraktive for internasjonale studentar og forskarar, seier Nybø.