Hjem
Aktuelt
Nyheter

UiB sterk på siteringar og EU-finansiert forskning

Nye tal syner at UiB skårar rundt femti prosent over verdsgjennomsnittet på antall siteringar. UiB har òg ein svært høg andel forskning finansiert gjennom EU.

Foto/ill.:
Sandra Jecmenica

Hovedinnhold

Måndag 7.mai offentleggjorde Kunnskapsdepartementet deira årlege Forskningsbarometer og Tilstandsrapport for høgare utdanning.

Her kjem det fram at UiB skårar høgt på antall siteringar, og er blant dei få universiteta og høgskulane som ligg over det nasjonale gjennomsnittet.

UiB skårar også rundt femti prosent over verdsgjennomsnittet på antall siteringar i internasjonale tidsskrift, syner Forskningsbarometeret.

- Vi har all grunn til å vere stolte over forskarane våre. Tala syner at forskinga ved UiB har ei betydning for internasjonal kunnskapsutvikling. Forskinga vår held eit høgt internasjonalt nivå, og blir lest og brukt av kollegaer frå heile verda, seier prorektor ved UiB, Margareth Hagen.

UiB-forskarar publiserer mykje

Når det gjeld publisering, er UiB blant dei statlege institusjonane med flest publiseringspoeng per faglege årsverk, ifølgje Tilstandsrapporten.

Kvar fagleg tilsett i statleg sektor har eit snitt på 1,15 publiseringspoeng per år. UiB ligg over snittet med 1,50 publiseringspoeng per årsverk i 2017. Av universiteta er det berre UiO som har fleire publiseringspoeng per faglege årsverk enn UiB.

Forskningsbarometeret syner at UiB i stor grad samarbeider med andre internasjonale forskarar i å skrive og publisere artiklar. Av dei større lærestadane er prosenten høgast ved NMBU og UiB, med høvesvis 58 og 55 prosent internasjonalt samforfattarskap.

Fleire gjennomfører doktorgrad

Dei nye tala syner også at fleire enn før fullfører ei doktorgrad ved Universitetet i Bergen.

UiB er den einaste av dei fem største doktorgradsgivande institusjonane i landet, der talet på kandidatar som fullfører i løpet av seks år, aukar, syner Tilstandsrapporten.

- Det som skil oss frå dei fleste andre institusjonane i Norge, er profilen vår med forskingsutdanning i alle fagmiljø. Difor har det blitt jobba godt i fagmiljøa på dette området. Det gir resultat, seier Hagen.

Solid auke i ERC-stipend

For å fremje høgkvalitetsforsking i Europa, deler Det europeiske forskningsrådet (ERC) ut stipend til det dei vurderer som dei beste forskarane og ideane. Stipenda blir gitt innan alle fagfelt, og heng svært høgt.

UiB har fått fem nye ERC-stipend det siste året, og har med det motteke totalt 23 av dei prestisjefylte ERC-stipenda, syner Tilstandsrapporten.

Tek ein størrelsen med i betraktning er UiB den institusjonen i sektoren som gjer det best når det gjeld ERC-tildelingar. Tala syner at kvar fjerde ERC-tildeling går til UiB. Kun UiO har fått fleire stipend. 

- Dette er svært gode tal og viser at UiB er eit sterkt internasjonalt forskingsuniversitet. Eit høgt tal ERC-stipend syner også at den nysgjerrighetsdrivne, individuelle forskinga står sterkt hos oss og er ein kvalitetsmarkør, seier Margareth Hagen og legg til at det ligg systematisk arbeid bak desse gode resultata.

- Her er mange grunnar til å vere både takksam og stolt på vegne av UiB, seier Hagen. 

Høgast andel EU-finansiert forsking

På grunn av sein tilgang til den siste oppdaterte statistikken inneheld Forskningsbarometeret i år ikkje ein eigen del om den norske deltakinga i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, men barometeret syner til dei siste tala for 2014–2017. 

Desse syner at for første gong går over to prosent av dei konkurranseutsette midla i programmet til Norge.

UiB er den norske institusjonen som har den høgste andelen av finansieringa si frå EU. 12 prosent av bidrags- og oppdragsinntektene til UiB kjem frå EUs forskingsprogram, Horisont 2020.

Les også: UiB framleis i teten i forskingsmidlar frå EU

- UiB er blitt meir internasjonalt orientert med utstrekt internasjonalt samarbeid. Vi har fleire miljø som er framifrå internasjonalt og som har god kjennskap til EUs forskingsprogram. Eg trur denne trenden vil halde fram og har store forhåpningar om eit større innslag av samfunnsvitskapleg, juridisk og humanistisk forsking i EUs nye rammeprogram  «HORISONT EUROPA», avsluttar Hagen.