Hjem

Aktuelt

Horisont 2020

UiB framleis i teten i forskingsmidlar frå EU

Universitetet i Bergen har den høgaste suksessraten i konkurransen om støtte frå Horisont 2020 blant norske universitet. Meir enn kvar femte søknad har fått finansiering.

Veggmaleri med teksten The future is Europe
THE FUTURE IS EUROPE: Universitetet i Bergen har til no fått støtte til 20,9 prosent av sine søknader til Horisont 2020, og det er meir pengar å hente frå EU sitt forskingsfond i åra som kjem. Bildet viser eit veggmaleri av den belgiske kunstneren NovaDead i Rue de la Loi i Brussels EU-distrikt.
Foto:
Åshild Nylund

Ifølgje nye tal frå Forskingsrådet har EU-kommisjonen sidan 2014 innvilga 77 av 369 søknader frå Universitetet i Bergen (UiB) til Horisont 2020, EU sitt forskings- og innovasjonsprogram. Dette gjev ein suksessrate på 20,9 prosent.  

Gjennomsnittet blant norske universitet er 13,9 prosent. Universitetet i Oslo (UiO)  og NTNU har sendt over dobbelt så mange søknader som UiB, men suksessraten deira er lågare – 13 ,1 for UiO og 12, 8 for NTNU.

388 millionar til UiB

Norge har fått auka utteljing og har for første gang nådd to prosent av potten frå Horisont 2020, ifølge Forskingsrådet. To prosent var målet til Regjeringa.

Til no har UiB-prosjekt fått rundt 388 millionar kroner (40,3 millionar euro) i støtte frå  Horisont 2020.  Mesteparten av støtta går til forskarprosjekt i pilaren for framifrå forsking (ERC- og Marie Curie-stipenda) og til prosjekt som skal løyse samfunnsutfordringar innan mellom anna miljø og helse.

Meir statistikk om UiB, EU-finansiering og forsking finn du her: UiB i toppen på antall siteringar

- UiB har knekt koden

-Det er svært gledeleg at gode forskarar søkjer og får bra gjennomslag i Horisont 2020, og det kan sjå ut som at Universitetet i Bergen har knekt koden, seier administrerende direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen.

– UiB viser at det er mogleg for eit universitet å lukkast innan alle pilarane i EU-programmet.  Samstundes er det viktig at resultata ikke vert tolka som ein "mission accomplished". Omlag halvparten av midla frå Horisont 2020 skal fortsatt fordelast, og vi både kan og må nytte denne sjansen til å auke samarbeidet innan forsking og innovasjon, seier Røttingen.

Meir støtte å hente i åra som kjem

Horisont 2020 skal bruke 80 millardar euro til og med år 2020. Omlag halve summen er att når det er litt under tre år igjen av programmet. Og satsinga held fram i framtida.

Rektor Dag Rune Olsen skriv i et innlegg i På høyden at  EU styrker satsing på forskning og utvikling - om det nye rammeprogrammet Horisont Europa som skal gjelde frå 2021 til 2027. EU-kommisjonen har foreslått å bruke 100 milliarder euro på programmet.