Derfor er desse UiB-bygga freda
For fyrste gong er historiar og kunnskap om alle dei freda bygga ved UiB, samla på ein stad.
Hovedinnhold
Det minste freda bygget ved UiB, er ein utedo på Tingviken i Utne. Det største er Realfagbygget, som med 1127 rom og 47.000 kvadratmeter, lenge var ein av landets største enkeltståande bygningar.
Kvar dag jobbar tilsette på UiB med å ta vare på dei 37 freda bygga ved universitetet. Dei undersøker dørar og veggar, samlar kunnskap om kvifor bygga er som dei er, kva som gjer dei så verdifulle, og historier om kva bygga har blitt brukt til.
No er denne kunnskapen for fyrste gong samla på ein stad, så alle skal kunne bli betre kjent med husa, og vite kva det er som gjer kvart enkelt bygg til eit kulturminne.
Vil gjere kunnskap om freda bygg tilgjengeleg
– Me har så lyst til at folk skal kjenne til kulturminneverdiane i desse bygga, ikkje berre dei som jobbar med forvaltning, men alle som bur, studerer og jobbar i husa, seier kulturminneansvarleg ved UiB, Åse Tveitnes, som har leia arbeidet med å lage forvaltningsplanar for dei 37 freda UiB-bygga.
Det store arbeidet som no har blitt gjennomført er samla i 20 nye hefter, tilgjengelege her på uib.no.
– Desse bygga er ein del av identiteten til universitetet. Me håpar dette kan gjere at ein ser bygga på nye måtar, seier Tveitnes.
– Handlar ikkje om kva me tykkjer er fint å sjå på
Blant dei freda bygga du no kan lese meir om, er eit bygg som skapte furore i Bergen då det blei bygd på 1970-talet, fortel Eva Røyrane frå Eigedomsavdelinga.
– Ingen i Bergen torde å forsvare dette huset. Sju villaer med store hagar måtte rivast, og ein fekk denne enormt store bygningen som mange irriterte seg over. Mange var også engstelege for at ein skulle rive endå meir, og det var ein sterk motstand i delar av byen.
Bygget det er snakk om er sjølvsagt Realfagbygget, bygd mellom 1974 og 1977, svært moderne for si tid, og teikna av Harald Ramm Østgaard, ein arkitekt som blei sett på som ein som gjorde nye, modige ting.
Bygninga er unik i Bergen, sjeldan i Norge, og står på den internasjonale lista til DOCOMOMO over modernismens sentrale verk. Med sine synlege og kraftige betongkonstruksjonar, ubehandla betongoverflater, ramper og raude fliser er Realfagbygget anerkjent som ein representant for ein tydeleg tendens i etterkrigstidas internasjonale arkitektur.
Men enn kor gode skussmål dette bygget har, har det altså vore kritisert for å vere stort og stygt, for å stikke seg for mykje ut, og bryte med omgivnadane rundt.
– Ikkje alle freda bygg blir sett på som vakre, men det handlar ikkje om at alle skal tykkje alt er så fint å sjå på. Det handlar om å sjå det som gjer bygget så unikt og verdifullt, kva kvalitetar bygget har som gjev det kulturminneverdi. Viss ein veit noko om dette, kan ein betre forstå bygget, seier Tveitnes.
– Var redde taket skulle rase saman
Følgjer du Allegaten frå Realfagbygget og svingar opp forbi Muséplass, kjem du straks til eit anna av dei freda UiB-bygga som no er grundig dokumentert.
Universitetsbiblioteket blei reist i 1961, teikna av arkitekt Kåre Kvilhaug og Jo Svare, og ligg på den såkalla Dårligmarken, eit tidlegare litt myrlendt område på den gamle garden Fastings Minde.
– Frå Bergen Museum blei etablert i 1825, var det bibliotek i alle bygningane. På Muséplass auka det veldig på med bøker, det blei fullare og fullare, og tyngre og tyngre på golvet. Til slutt måtte dei sette inn ekstra støtte opp mot taket i lesesalen, for det var så mykje bøker i etasjen over, at dei var redde det skulle rase saman, fortel Røyrane.
Fyrst på slutten av 50-talet dukka det opp pengar, frå skipsreiar Mowinckel, og ein kunne bygge det som i dag er Universitetsbiblioteket. Då dørene opna i 1961, hadde talet på studentar auka enormt, og biblioteket var så populært at det kvar morgon var lang kø på fortauet utanfor, lenge før det opna.
– Det var på denne tida ein i arkitekturen begynte å analysere brukarane sine behov. Ein tenkte på kven som skulle bruke bygget, heller enn å syne fram stasen, seier Tveitnes, som også peikar på den naturbaserte materialbruken som noko av det som særmerker Universitetsbiblioteket.
– Ein har brukt betong, stein, keramiske fliser og store glasflater. Steinen i veggen på fasaden er henta frå Herdla på Askøy. Dette er materiale me kjenner att og har eit forhold til. Tenk på nokre av dei nyaste bygga i Bergen, kva er dei laga av? Det er umogleg å seie, ein veit ikkje kva ein skal kalle det. Universitetsbiblioteket har materiale me kan forstå oss på, seier Tveitnes.
Universitetsbiblioteket blei med sine lyse, opne lokale, og rom og etasjar som flyt over i kvarandre, til det fyrste modernistiske universitetsbiblioteket i Norge. Bygget er freda som eit godt eksempel på modernistisk arkitektur frå tidleg på 1960-talet.
Luksusvillaer for overklassen
Eit tredje døme på bygga du no kan bli betre kjent med her, er villaene i Christies gate, som du passerer på di høgre side på veg opp mot Muséplass. Dei fire villaene, Christies gate 19, 17 og 15, og Rosenbergsgaten 39, er teikna av arkitekt Johan Faye for entreprenør og murmeister Johan Gustav Nielsen, som selde nøkkelferdige luksusleilegheiter for velståande bergenserar som ville bu i Bergens beste strøk.
– Det var dei rikaste i byen som budde her, skispreiarar og forretningsfolk som ville bu like fint som dei flottaste folka i Oslo. Før siste halvdel av 1800-talet var det typisk for Bergen, at høge og låge budde side om side i byen, men etterkvart trekte dei velståande seg tilbake til Nygårdshøyden og Kalfaret. Då blei det eit meir einsarta overklassemiljø, med selskapeleg samvære og punsj, og tenarar på loftet, fortel Røyrane.
– Her har kjente bergensarar, som Kristoffer Lehmkuhl, budd. Handelshøgskulen og Maskinistskolen har halde til her, og i den eine av villaene i Rosenbergsgaten 39 har Røde Kors hatt sjukehus med operasjonssal og likstove, det har vore blodbank her og legekontor i fleire av bygga.
Villaene er bygde i historismestil, eit samleomgrep for ein arkitektur frå 1865 fram mot hundreårsskiftet som henta detaljar frå tidlegare periodar. Innvendig har det vore mykje plysj, tunge gardiner og møblar, og utvendig har ein latt seg inspirere av tempelet med tempelgavlar, tunge soklar, rundbua vindauge, søyler og svært detaljrike, pynta fasadar.
Siden mange historismepryda eigedommar i Bergen sentrum brente i 1916, har Nygårdshøyden i dag byens største samanhengande område med autentiske historismebygg. Dette området utmerker seg også nasjonalt, og er del av det som reknast som eit av landets aller finaste bygningsmiljø frå denne perioden.
I desse husa er det veldig mange originale bygningsdelar, og bak gipsveggar, parkett og måling, skjuler det seg truleg mykje veggmåleri, vakre tapetar, originale golv, himlingar og listverk.
– Handlar om identitet
Kvifor skal ein så bry seg om historia og kvalitetane til desse bygga? Det handlar fyrst og fremst om identitet, meiner Tveitnes.
– Dei ulike UiB-bygningane frå sist på 1700-talet til vår tid, syner korleis Universitetet i Bergen vaks seg saman med bustadområdet på Sydneshalvøya og slik skapte landets einaste byuniversitet. Me må forvalte bygningane våre slik at særpreget til byuniversitetet vert teke vare på.
Jobbar eller studerer du i eit freda bygg ved UiB? Her kan du finne ut meir om historia og kjenneteikna ved ditt bygg.