Hjem

Aktuelt

Nyheter

Han får Kinas høgste akademiske utmerking

– Ei stor ære, seier UiB-professor Thomas Ågotnes, som no er tildelt Changjiang Scholar Award.

Thomas Ågotnes

Professor Thomas Ågotnes.
– Fantastisk moglegheit til å fortsette og utvide eksisterande gode forskningssamarbeid, seier Ågotnes.

– Ei slik anerkjenning av forskinga mi, spesielt frå det som utvilsamt blir framtidas viktigaste forskingsnasjon, betyr mykje, seier professor Thomas Ågotnes, ved Institutt for informasjons- og medievitenskap.

Det er det kinesiske utdanningsdepartementet som har tildelt Ågotnes det som blir omtalt som Kinas høgste akademiske utmerking, for arbeidet innan formell logikk og grunnleggande problem i kunstig intelligens.

– Utmerkinga er ei stor ære, og det er ei unik moglegheit for meg som UiB-professor til å styrke samarbeidet vårt med Kina. Ved instituttet har me hatt eit godt samarbeid med kinesiske miljø i dette fagfeltet over lengre tid, seier Ågotnes.

Skal vere med å bygge opp forskingssenter

Med æresutmerkinga Changjiang Scholar Award følgjer også ei 5-årig gjesteprofessorstilling som Changjiang Chair Professor ved Southwest University (SWU) i Chongqing.

Ågotnes kjem til å tilbringe eit par månadar i året ved Southwest University, ved Institute of Logic and Intelligence (ILI), der han mellom anna skal vere med på å bygge opp eit nasjonalt forskingssenter for logikk og kunstig intelligens.

Som gjesteprofessor skal han også jobbe for å styrke samarbeidet mellom Southwest University og Universitetet i Bergen.

– Det gir meg ei fantastisk moglegheit til å fortsette og utvide eksisterande gode forskingssamarbeid både med SWU og med andre miljø i Kina utvikla over mange år, seier Ågotnes.

– Det er ei stor interesse for fagfeltet mitt i Kina, og kinesiske miljø er verkeleg up-and-coming. I tillegg er erfaringa mi at kinesiske forskarar og studentar ofte er veldig dedikerte, motiverte og hardtarbeidande, og eg finn desse samarbeida veldig givande.

– Blant dei internasjonalt leiande

Changjiang Scholar Award er ei akademisk utmerking med høg prestisje i Kina, som sjeldan blir gitt til utanlandske akademikarar, seier leiar ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Leif Ove Larsen.

– At Thomas Ågotnes får denne utmerkinga, er eit uttrykk for at hans faglege bidrag, gjennom fleire års samarbeid med Southwest University i Kina, har blitt lagt merke til og verdsatt. Utmerkinga understrekar at Ågotnes tilhøyrer dei internasjonalt ledande på sitt fagfelt.

Gjennom det femårige gjesteprofessoratet som følgjer av utmerkinga, utvidar Ågotnes sitt samarbeid med Southwest University og kinesiske IKT-forskarar, seier Larsen.

– Dette vil styrke instituttet sitt samarbeid med Kina og forhåpentlegvis bidra positivt til UiBs nyleg vedtekne Kina-handlingsplan, seier Larsen.