Hjem

Aktuelt

Nyheter

UiB inngår samarbeid med japansk forskingsinstitusjon

UiB og japanske JAMSTEC inngår avtale som skal sikre forskingssamarbeid innan klima, geologi og djuphavsforsking.

Margareth Hagen (UiB) og Asahiko Taira (JAMSTEC)

Margareth Hagen (UiB) og Asahiko Taira (JAMSTEC)
Prorektor Margareth Hagen (UiB) og president Asahiko Taira (JAMSTEC) underteikna samarbeidsavtalen mellom institusjonane.

Samarbeidsavtalen blei underteikna 5. juni 2018 av prorektor ved UiB, Margareth Hagen, og president for Japan Agency for marine-earth science and technology (JAMSTEC), Asahiko Taira.

Avtalen sikrar eit forskings- og utvekslingssamarbeid mellom dei to institusjonane, og skal oppmuntre til og fremje samarbeid om forskingsaktivitet på områda:

  • klima, vêr, og samspel mellom luft og hav
  • geologi, geodynamikk og seismologi
  • djuphavsforsking og teknologi, marinbiologi og geobiologi

Bygger på eksisterande samarbeid

UiB-forskarar har gjennom fleire år samarbeida med forskarar ved den nasjonale japanske forskingsinstitusjonen, JAMSTEC. 

Målet med avtalen har vore å få på plass eit institusjonelt rammeverk for dette forskingssamarbeid, som skal gi langsiktigheit og institusjonell støtte i Bergen og i Japan, og sikre gode samarbeidsmoglegheiter framover.

Vil forenkle utveksling av data og kompetanse

Institusjonane har gjort avtale om å forenkle utveksling av forsking, data og kompetanse på område av felles interesse, og jobbe for meir effektiv drift og betre utnytting av kvarandres fasilitetar og utstyr.

UiB og JAMSTEC har mellom anna også blitt einige om å samarbeide i å produsere eller publisere materiale i samband med eventuelle samarbeidsaktivitetar.

Avtalen, som er ein Memorandum of Understanding, varar i fem år.