Hjem

Aktuelt

SFF EVALUERING

Alle tre gjennom nålauget

Alle UiB sine senter for fremragende forskning som nyleg blei evaluert, får svært god omtale og vidare finansiering av Forskningsrådet. Evalueringa peikar på fleire døme på forsking i verdsklasse.

Forsker på mor og barn
MØDREHELSE: Eit av sentra som får god omtale er CISMAC. Senteret har som mål å bidra til å forbetre helsa for mor og barn ved å studere effekten av helsetiltak i Afrika og i Sør-Asia. Senteret er eit samarbeid mellom institusjonar i mange ulike land, som koordinerast frå UiB. 
Foto:
Kim E. Andreassen, UiB

Birkelandsenteret for romforsking (BCSS), Senter for kreftmarkører (CCBIO) og Senter for forskning på mødre- og barnehelseintervensjoner (CISMAC) får alle vidare finansiering frå Forskningsrådet fram til 2023.

Det er klart etter at Internasjonale vitenskapelige komiteer har evaluert alle dei norske sentra for fremragende forskning som starta opp i 2013.

Komiteen anbefalte vidare finansiering til BSS og CCBIO umiddelbart etter evalueringa. CISMAC blei bedt om å sende inn ein nye strategisk plan, som no er levert og godkjent av Forskningsrådet.

Vidare finansiering til CISMAC

– Dette er veldig gledeleg og viktig, ikkje berre fordi me fekk vidare finansiering, men også fordi dei faglege forslaga komiteen som vurderte oss kom med, var veldig gode og nyttige, seier leiar for Senter for forskning på mødre- og barnehelseintervensjoner (CISMAC), Halvor Sommerfelt.

CISMAC har som mål å bidra til å forbetre helsa for mor og barn ved å studere effekten av helsetiltak i Afrika og i Sør-Asia. Senteret er eit samarbeid mellom institusjonar i mange ulike land, som koordinerast frå UiB. 

– Ei hovudanbefaling frå komiteen var at me blei oppfordra til å i endå større grad styrke kommunikasjonen mellom dei ulike forskingsgruppene våre i Afrika, Asia og Norge, eit veldig viktig innspel som me alt har sett i gong tiltak for å sikre. Dette gir oss moglegheit til å planlegge vidare i tråd med vår opprinnelege tiårs-plan, med dei gitte anbefalingane. Det blir veldig spennande framover, seier Sommerfelt.

– Eit forskingssenter i verdsklasse

Komiteen har i si midtvegsevaluering også gitt vidare finansiering til Birkelandsenteret for romforsking (BCSS), som blei vurdert til å vere eit forskingssenter i verdsklasse og som bidreg med banebrytande arbeid innan romforsking.

BCSS fekk umiddelbart anbefalt vidare finansiering frå komiteen då midtvegsevalueringa blei gjennomført. 

– Me hadde ei god kjensle då dei var på besøk. Me har mykje gode resultat å syne til, men la også mykje arbeid i å presentere dette for komiteen, og la også fram eigne forslag til forandringar og forbetringar me alt har gjort. Me har lagt opp til ein fleksibel måte å operere på, som eg trur er måten å gjere det på når eit sånt senter skal utvikle seg, seier BCSS-leiar Nikolai Østgaard.

Etter 14 år med planlegging og arbeid kunne Birkelandsenteret for romforsking i vår sjå teknologi dei har utvikla og bygd bli skutt opp i verdsrommet frå NASA Kennedy Space Center i Florida. Viktige deler av ASIM-instrumentet på SpaceX-raketten er utvikla ved UiB, og oppdraget er å måle og registrere jordiske gammaglimt, som aldri før er blitt gjort.

– Me er no over i operasjonsfase, og har allerede fått veldig nyttige målingar. Me reknar med å offentleggjere resultata til hausten, seier Østgaard.

Rosar forskarskulen til CCBIO 

CCBIO-senteret ved medisinsk fakultet er også av dei som får forlenga finansieringa frå Forskningsrådet etter midtvegsevalueringa. Senteret arbeider med nye kreftmarkørar og målretta behandling. Forskinga fokuserer særleg på mekanismar knytta til korleis kreftceller blir påverka av mikromiljøet i svulstane, og betydninga dette har for kreftspreiing og dårleg prognose; forsking som opnar opp for nye behandlingsmål.

CCBIO får ei svært god evaluering. Særleg blir senteret sin internasjonale forskarskule trekt fram som eit svært vellukka verkemiddel til å fremje samarbeid mellom yngre forskarar og utveksling av forsking på tvers av grupper. Evalueringskomiteen skriv også at dei vart imponerte over kapasiteten til leiinga ved senteret. 

– Dette var ei god tilbakemelding å få etter at vi har vore ”på bana” i 4-5 år. Det er eit særs kompetativt forskningsområde, men våre data har synt seg å vere konkurransedyktige. Evalueringa peikar også på kor viktig det er å ikkje berre inkludere biomedisinske prosjekt i vårt senter, men også prosjekt innan helse-etikk og helse-økonomi, og på den måten knytte forskingsfunna opp mot samfunnsnytte, kostnads-effektivitet, og den kontinuerlige debatten om prinsipp for prioriteringar, seier Lars A. Akslen, leiar ved CCBIO.