Hjem
dcod

Sjå torsken, sjå torsken!

Blod, sveitte og fiskedans. Fiskeforskarane i prosjektet dCod fekk både minister og barnehagebarn på kroken i Arendal.

– Torsken er utan tvil eit ikon for mange. Folk er særleg opptatt av kvifor det er mindre fisk i havet enn før og me får mange spørsmål om dette, seier Marta Eide, postdoc ved Institutt for biovitenskap ved Universitetet i Bergen.

Regnet dryp ned på bergensk vis i Arendal. På UiB sin stand midt i smørauget av den politiske arenaen Arendalsuka står det ein gjeng blide forskarar ikledd sydvest. Dei har vore tidleg oppe for å ta imot fersk torsk med truck inn på standen.

Stor, feit og fin torsk som er fanga av ein lokal fiskar utanfor Arendal, samt nokre ikkje fullt så feite og flotte oppdrettstorsk i eit anna kar. Klar til dissekering på direkten på stand.

Marta Eide fortel om dCod-forskinga frå standen i Arendal her:

dCod på stand under Arendalsuka 2018


EFFEKT AV MILJØGIFTER: Postdoc Marta Eide forklarer dCod i kortversjon.

Badeender og torskegen

–Me ynskjer å gi eit innblikk i korleis me jobbar. Dissekering av torsk er første del av prosessen. Me tar ut torskeinnvollane som me skal forske vidare på i lab. Målet er å finne ut korleis torsken responderer på miljøgifter. Dette gjer me saman med matematikarar som byggjer modeller som kan predikere det som skjer i framtida, seier Anders Goksøyr som er leiar for forskingsprosjektet dCoD.

I stampane sym torsken side om side med badeender for å illustrere at torsken langt ifrå er åleine i havet. Goksøyr har også kjøpt inn tøytorsk som er blitt spretta opp og to av dei tilsette på Institutt for biovitskap har sydd torskeinnvollar som ein kan sjå og kjenne på. Saman med Karina Dale får ho studiepoeng for arbeidet med profilering av dCod på stand under Arendalsuka.

stand338883
Foto:
Solfrid T. Langeland

 

GOD STEMING: UiB-rektor Dag Rune Olsen vitja standen. Her saman med Karina Dale, Marta Eide og Siri Ø. Goksøyr.

standliv10

TORSKEFEBER: - Er dette ekte torsk? Kvifor blir han spretta opp? Spørsmåla var mange på stand.

.
torsk1

STERK KOST: Dissekeringa av torsk var sterk kost. Forskarane fann blant anna små plastbitar og mørk lever (teikn på miljøpåverkad) i torsken.

Dissekereringa i Arendal gav indikasjon på skada lever i torsken fiska utanfor Arendal, og det vart funne plastpariklar, men for å få meir svar på kor lenge og kva miljøgifter torsken har vore utsatt for, må forskarane undersøkje meir i lab. Det er særleg torskeleveren som er interessant.

Torsken er mager, men leveren feit. Det gjer at den trekker til seg alt av miljøgifter og leveren utgjer dermed kjernen i prosjektet vårt, forklarer Goksøyr.

Plastbitar og skada lever

Heile seks forskarar er til stades på stand denne regnvåte torsdagen i Arendal. Kvar halve time blir ein ny torsk henta opp frå kara, kakka i hovudet og spretta opp. Folk strøymer til stand og får store auge når dei ser det vesle torskehjartet som framleis slår midt i sløyinga.

Stipendiat Karina Dale hentar fram ein skadd torskelever og samanliknar med ein frisk.

Her ser dykk at leveren er blitt mørk og misfarga, det kan tyde på at han er utsatt for miljøgift. Kva og når kan me ikkje finne ut av utan fleire undersøkingar i lab, forklarer ho.

Forskarane finn også små partiklar av plast i torsken som er fiska i Arendal same dag.

Forskarane frå UiB snakkar villig med alle som kjem forbi, og svarar med eit smil når nokon kinesiske turistar lurer på kva type fisk dei gule badeendene som ligg og duppar saman med torsken er. 

Det lett dryppande regnet går over til styrtregn, men forskarane ser ikkje til å bry seg. I staden tar tre av dei  ein aldri så liten lattermild floss-dance i takt med tonane frå «Sjå torsken, sjå torsken. En fet og fin og norsk en» til ære for publikum.

SMILANDE FORSKING: Siri Goksøyr, Karina Dale og Marta Eide tar ein spontan forskar-floss-dance i Arendal.

Arendalsuka-228

Alle som besøkjer standen får sin eigen pin med innskrifta «Eg såg torsken» og borna får fiske etter snopefisk i ein bolle med ein minihåv.

Vil setje torsken fri

Men det er ikkje berre barnehageborn og interessert lokalbefolkning som stoppar opp hos dei blide forskarane med gul sydvest. Forskingsminister Iselin Nybø er ein av dei som får sjå den blodige torskeforskinga i aksjon.

– Slik forsking treng me, stå på! seier ho engasjert.

stnadliv14

MINISTERBESØK: UiB-alumn og forskingsminister Iselin Nybø måtte sjølvsagt ta ein kikk på torskeforskinga.

UiB-rektor Dag Rune Olsen blir ståande lenge for å få innblikk i forskinga.

– Dette prosjektet viser at UiB er så absolutt aktuelle. Eg er imponert over den gode formidlinga av forskinga, seier han.

Marta Eide håper modellane som blir til ved hjelp av matematikarane kan hjelpe til i miljøovervaking og risikovurdering i framtida.

– Me kan dermed finne ut kva torsken har vore utsatt for og kor lenge. I dag forskar me ved å tilføre miljøgifter til kunstige og naturlige miljø og tar opp og dissekerer torsk i lab for å finne ut korleis det kan påvirke organa. Målet er at me skal kunne hente opp torsk og ta prøver av dei for å så sleppe dei ut igjen, seier ho.