Hjem

Aktuelt

Nyhet

Stadig fleire brukar ordbøkene på mobilen

Kvart tredje av 45 millionar søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i 2018 vart gjort i appen Ordbøkene.

Vi søker mest på verb i ordbøkene

4 av 10 nordmenn brukar Bokmålsordboka og Nynorskordboka, som har 125 000 søk dagleg. På videoen testar Erik Gullaksen og Anders Samland, som begge tek master i Engelsk ved UiB, bøying av verb på mobilen.
Produsent:
UiB

Appen "Ordbøkene" til Bokmålsordboka og Nynorskordboka, vart lansert hausten 2017. Sidan har den blitt lasta ned over 70 000 gonger og har opp mot 4 000 brukarar dagleg. Ein ny versjon av appen vart sleppt 17. januar i år, og den oppgraderte utgåva kan ein laste ned her:

Nye brukargrupper

Etter at appen blei lansert, ser ein at ordbøkene når nye brukargrupper.

– Lærarar har fortalt om elevar som ikkje har brukt ordbøkene på nett, men som brukar appen. Vi oppfordrar fleire lærarar til å motivere elevane sine til å prøve appen, seier hovudredaktør for revisjonen av ordbøkene, Margunn Rauset ved Universitetet i Bergen.

– Det betyr mykje for oss å nå ut på digitale plattformer slik at særleg barn og unge får gode verktøy til å bli trygge språkbrukarar, legg direktør i Språkrådet, Åse Wetås til.

UiB og Språkrådet eig Bokmålsordboka og Nynorskordboka i fellesskap.

- Gratis ordbøker på nett er viktig

4 av 10 nordmenn brukar Bokmålsordboka og Nynorskordboka, viser ei undersøking Opinion har gjennomført for Språkrådet. 77 prosent av dei som har brukt ordbøkene, er fornøgde med dei. 71 prosent av dei spurde i undersøkinga meiner det er viktig at det finst gratis ordbøker på nett.

– Tala viser at Bokmålsordboka og Nynorskordboka er viktige ressursar. Ordbøkene hadde ikkje hatt 125 000 søk dagleg om folk ikkje var fornøgde, seier Rauset.

– Bokmålsordboka og Nynorskordboka er dei hovudkanalane Språkrådet har for å formidle normene i bokmål og nynorsk. Det er gledeleg at brukarane vender seg til desse ordbøkene for å finne ut korleis ord blir skrivne og bøygde, slår Wetås fast.

Fornyar ordbøkene

Resultata frå undersøkinga er eit godt utgangspunkt for arbeidet med å revidere ordbøkene. I løpet av ein femårsperiode skal innhaldet i ordbøkene oppdaterast.

Skal "crew" inn i norsk språk? Korleis bøyer vi "abaya" på nynorsk? Skal vegetar framleis vere ein rettskrivingsvariant av vegetarianer på bokmål? Bør ein ha eit ord som "tjuesesse" som oppslagsord i Bokmålordboka, når ordartikkelen allereie ligg i Nynorskordboka?

Slike, og eit stort antal andre språklege problemstillingar, skal ordbokredaktørane ved UiB arbeide med i prosjektperioden fram til 2023, der ein skal gå gjennom Bokmålsordboka og Nynorskordboka frå A til Å.

Utvalet av oppslagsord skal bli likare i dei to nettordbøkene, definisjonane av orda skal reviderast, og ein skal leggje inn nyare ord og tydingar.

Revisjonen vil foregå ved at ordbokredaksjonen ved UiB vel ut kva slags ord og tydingar som skal vere med i ordbøkene, medan Språkrådet bestemmer korleis orda skal skrivast og bøyast på bokmål og nynorsk.

Før prosjektet begynte, var det 70 000 oppslagsord i Bokmålsordboka og 90 000 i Nynorskordboka. Målet er at det skal vere rundt 100 000 oppslagsord i begge når prosjektet er over. Parallelt med revisjonen skal designet på nettordbøkene fornyast.

Topp 10 søk i 2018

I året som gjekk var dette dei ti mest brukte søkeorda i ordbøkene:

Skrive, vere, være, bli, gi, komme, bruke, finne, sjå og ordbøker.

Av substantiv er det berre «ordbøker», «menneske» og «nynorsk» som får plass blant dei 20 mest brukte søkjeorda, resten er verb.

– Det er påfallande mange verb blant orda som oftast blir søkt på. Det tyder på at brukarane av Bokmålsordboka og Nynorskordboka primært slår opp for å få hjelp når dei skriv. Det er heilt vanlege og velkjende verb som oftast blir slått opp på, og truleg betyr det at brukarane ønskjer å sjekke skrive- og bøyingsmåte, seier Rauset.