Hjem

Aktuelt

Nyhet

4-dagarsbehandlinga til USA

The Bergen 4-day treatment (B4DT), som er ei intensiv behandling mot angst og tvangslidingar utvikla i Bergen, vert no eksportert til Houston.

Bergen senter for hjerneplastisitet
Bjarne Hansen og Gerd Kvale, flankert av daglig leiar i Trond Mohn stiftelse (TMS), Sveinung Hole, og dagleg leiar i Kavlifondet, Inger Elise Iversen. TMS, Kavlifondet, UiB og Haukeland Universitetssjukehus støttar Bergen Center for Brain Plasticity med 111 millionar kroner dei neste fem åra. Metoden for behandling av angst og tvangslidingar på fire dagar, vert no eksportert til USA.
Foto:
Paul Sigve Amundsen, Trond Mohn stiftelse

Bergensforskarane Gerd Kvale og Bjarne Hansen eksporterer no suksessen med 4-dagarsbehandlinga til USA, der Houston blir ein node, skriv På Høyden.

Intensiv behandling

Forskarane Gerd Kvale og Bjarne Hansen ved det nyoppretta Bergen Center for Brain Plasticity har fått mykje merksemd for utviklinga av ei ny form for behandling mot angst og tvangslidingar. Ved å kombinere det beste frå tidlegare forsking, og sy saman eit intensivt program, kan dei kurere denne type lidingar på berre fire dagar. Om lag 70 prosent vert friske som følge av behandlinga.

Metoden vart i 2015 kåra til årets nyvinning i norsk psykologi, og i oktober 2018, vart forskarane trekt fram i Time Magazine, som to av dei 50 mest innflytelsesrike personane når det gjeld å forbetre verdas helsetenester.

Til Houston

Medan nordiske klinikkar skal få opplæring i Bergen, vil engelsk- og spanskspråklege behandlarar om ei tid få opplæring i Houston.

— Men Bergen kjem til å halde i det heile vegen, seier Kvale til På Høyden.

"Klinikken i Houston er spesialisert på tvangslidingar, eller OCD. Dette er ei pasientgruppe som tidlegare har vore vanskelege å hjelpe med annan terapi. Kvale ser for seg å få opp nodar i New York, Seattle og Los Angeles òg etterkvart. Men metoden skal òg spreiast frå Houston til andre delar av verda, og ein klinikk i Singapore står høgt på lista. Klinikkar i land som Tyskland, Frankrike og Storbritannia har allereie bede om å få ta i bruk metoden" kan ein vidare lese i På Høyden.

— (...) den kliniske innovasjonen frå Bergen spreier seg til heile verda. Behandlinga er Haukeland universitetssjukehus, UiB, Trond Mohn Stiftelse og Kavlifondets gåve til folk der ute, seier Kvale til avisa.