Hjem
Aktuelt
Nyhet

Dag Rune Olsen kan bli ny styreleiar i UHR

Sittande styreleiar Mari Sundli Tveit vil gå av. Øvst på valkomiteen si innstillingsliste står UiB-rektor Dag Rune Olsen.

dag rune olsen
Foto/ill.:
UIB.no

Hovedinnhold

Valkomiteen i Universitets- og høgskulerådet (UHR) har levert innstillinga si til nytt styre som skal veljast på representantskapsmøtet på Høgskulen i Østfold neste veke. Dag Rune Olsen, rektor ved UiB, er foreslått som ny leiar av rådet.

– Sams sak og felles utfordringar

– UH-sektoren har i løpet av dei siste åra gått gjennom store endringar. Samtidig har vi i mange tilfelle sams sak og felles interesser. Vi deler ansvaret for å utføre eit sentralt og omfattande samfunnsoppdrag, seier rektor Dag Rune Olsen til UiB Aktuelt.

Han nemner mellom anna publisering av forsking og digitalisering som sentrale spørsmål som famnar om både tilsette og leiarar i heile sektoren.

– Her vil vi saman arbeide for å finne hensiktsmessige og framtidsretta løysingar, seier Olsen.

Som leiar for UHR vil han arbeide for å vidareføre den gode dialogen med øvrige aktørar innan næringsliv og forvalting.  Samtidig vil han arbeide for å halde autonomien til institusjonane i hevd.

– UHR skal også i neste styreperiode vere eit konstruktivt og godt fora der leiarane av universiteta og høgskulane skal kunne drøfte utfordringane vi står overfor, og sjølv kome fram til forslag som vi legg til grunn at eigarane våre vil lytte til, seier Olsen.

Tre representantar frå vest

Rundt halve styret blir foreslått bytta ut.

Anne Husebekk frå Universitetet i Tromsø (UiT) er foreslått som nestleiar. Dei vil ta over verva etter dagens leiar, Mari Sundli Tveit frå NMBU i Ås og BI-rektor og nestleiar Inge Jan Henjesand i Oslo.

Tidlegare i vår blei det kjent at Tveit vil slutte som rektor ved NMBU og gå over i ny stilling som områdedirektør for landbruk i NHO. Ho vil fullføre perioden sin som styreleiar i UHR.

I tillegg til at Olsen, kan Vestlandet blir representert av Øystein Thøgersen, rektor ved NHH, og Bjørg Kristin Selvik, prorektor ved Høgskulen på Vestlandet. Dei er begge føreslegne på varaplass.

Her er valkomiteen sitt forslag til nytt styre:

Dag Rune Olsen, UiB leiar (vara prorektor OsloMet, Nina Waaler)
Anne Husebekk, UiT, nestleiar (vara rektor Øystein Thøgersen, NHH)
Viserektor Bjarne Foss NTNU (vara prorektor Gro Bjørnerud Mo, UiO)
Rektor Inge Jan Henjesand, BI (vara rektor Arne Krumsvik Høgskulen Kristiania)
Rektor Peter Tornquist Norges musikkhøgskule (vara Carl Morten Gjeldnes HiØ)
Rektor Louise Dedichen, Forsvarets høgskole (vara rektor Ingunn Moser VID)
Rektor Kathrine Skretting, HiInn (vara Laila Susanne Vars Samisk høgskule)
Direktør Seunn Smith Tønnessen, UiA (vara Lise Sofie Woie Norges idrettshøgskule)
Rektor Klaus Mohn UiS (vara Bjørg Kristin Selvik HVL)