Hjem

Aktuelt

IKT

– Teknologi og moderne industri eit fortrinn for Noreg

Noreg treng folk med teknologikunnskap, frå alle utdanningsretningar, meiner digitaliseringsminister Nikolai Astrup.

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup
DIGITALISERINGSMINISTER Nikolai Astrup besøkte Media City Bergen og møtte akademia, mediahus, teknologar og næringsliv.
Foto:
Jens H. Ådnanes, UiB

– Eg etterlyser at ein tenkjer meir tverrfagleg rundt utdanning og teknologi. Vi treng folk frå alle fagretningar, men alle må ha eit forhold til ny teknologi som stordata og kunstig intelligens, og ein må kunne ta den i bruk, sa digitaliseringminister Nikolai Astrup. 

Han peikte på at DnB hadde 17 prosent tilsette med teknologibakgrunn for fire år sidan. I dag har prosenten auka til 50 prosent. 

6. mai 2019 besøkte han representantar frå UiB, Bergen Næringsråd, TV2, Bergen kommune med fleire, i Media City Bergen (MCB). MCB er ei internasjonal kunnskaps- og næringsklynge der medie- og teknologiselskap som NRK, TV2, Vizrt, Bergens Tidene, IBM, BA, og Vimond held til, samen med Universitetet i Bergen.

Omvisning på MCB

Representantane for Bergen møtte Nikolai Astrup i TV2 sine lokale i Media City Bergen.

Foto:
Jens H. Ådnanes, UiB

Astrup meiner at Noreg ligg langt framfor mange andre land med tanke på innovasjon. Samarbeidet mellom moderne industri og teknologisk kunnskap og innovasjon er nøkkelen, og ikkje minst at nordmenn tar i bruk ny teknologi. Eit døme er at bruken av kontantar har stupt i Noreg dei siste åra.

– Noreg har 11 prosent kontantandel, medan Tyskland har 80. Nordmenn er meir enn villige til å bruke ny teknologi om det fungerer, sa Astrup. 

Pinar Heggernes, instituttleiar på Institutt for informatikk ved UiB, representerte universitetet i møtet med ministeren. 

Heggernes peika på at UiB har fleire ERC Grants innan informatikk samt verdsleiande forskingsmiljø. Våren 2019 tilsette UiB to verdsleiande kryptologar som vert del av eit av dei største forskingsmiljøa innan kryptologi i Europa.

Pinar Heggernes, instituttleiar Institutt for informatikk, på Media City Bergen

Instituttleiar Pinar Heggernes påpeikte at verdsleiande forsking og IKT-utdanning gjer UiB naudsynte med tanke på Noreg si digitale framtid.

Foto:
Jens H. Ådnanes, UiB

UiB sørgjer også for at det norske samfunnet får nyutdanna IT-ekspertar, både i næringsliv og det offentlege. 

– Vårt største bidrag til norsk samfunn og næringsliv er kandidatane frå informatikk og informasjonsvitskap. Studentane får mange jobbtilbod, og nokon må slette LinkedIn-kontoane sine, spøkte instituttleiaren. 

Møte med Digitaliseringsminister Nikolai Astrup, MCB 2019
Foto:
Jens H. Ådnanes, UiB