Hjem
Aktuelt
Nyhet

Rektor underteikna avtale med University of Stuttgart

Samarbeidsavtalen som blei underteikna skal sikre framtidig samarbeid innan utdanning og forsking.

Rektorene ved Stuttgart og UiB
Rektor Wolfram Ressel fra University of Stuttgart og rektor Dag Rune Olsen underteikna onsdag ein femårig avtale mellom dei to institusjonane.
Foto:
Ida Bergstrøm/UiB

Wolfram Ressel er rektor ved University of Stuttgart, eit universitet med over 26000 studentar og 300 professorar. Onsdag var han i Bergen for å skrive under intensjonsavtalen om akademisk samarbeid og utveksling.

Det tyske universitetet har eit solid forskingsmiljø innan fleire greiner av naturvitskap, og har mellom anna to Clusters of Excellence, innan Data-integrated simulation sciences og Intergrative Computational Design and Construction for Architecture.

Ingeniørfag og Artificial Intelligence

- University of Stuttgart er også sterke innan ingeniørfag, og er difor ein relevant og ønska samarbeidspartnar for oss ved Det matematisk- naturvitskaplege fakultet, seier dekan Helge Dahle.

Universitet har også kome langt innan forsking på Artificial intelligence (AI).

- AI er eit felt i vekst ved UiB, der vi har rekruttert dyktige forskarar. Ein slik samarbeidsavtale kan opne nye dører for oss, seier rektor Dag Rune Olsen.