Hjem
Aktuelt
Podcast

Slik blir du påverka av musikk

- Når du høyrer på musikk går det signal rett i frå øyrane og inn i den emosjonelle delen av hjernen, sier Geir Olve Skeie, overlege i nevrologi og professor ved Griegakademiet. I denne podcasten forklarar han kordan musikk påverkar hjernen, og du kan høyre han spele Chopin.

Geir Olve Skeie
Foto/ill.:
Magne Sandnes

Hovedinnhold

Kvifor blir du oppstemt av visse typar musikk, og kjenner deg melankolsk av annan musikk. Kva er det som skjer i hjerna når alle på ein rockekonsert dansar i takt? Geir Olve Skeie er overlege i nevrologi ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen, pianist og professor II ved Griegakademiet - Institutt for musikk ved Universitetet i Bergen.

Han har saman med nevrolog Are Brean skrive boka Musikk og hjernen: Om musikkens magiske kraft og fantastiske virkning på hjernen.

I denne podcasten fortel han om korleis musikk verkar på hjernen, og kva hjernen gjer med musikk. Og kvifor det kan vere visse fordelar med å velge ein musikar som far til dine barn. Musikken i podcasten blir spela av Skeie sjølv og er ein etyde av Chopin spelt polyrytmisk, som i dette tilfellet tyder at høgrehand speler i 3-takt medan venstre har 4-takt. 

Podcasten er laga av Hilde Kvalvaag, Kommunikasjonsavdelinga, UiB med hjelp av Tane Høisæter produsent ved Læringslaben under Kommunikasjonsavdelinga, UiB

Høyr episoden her: