Hjem
Aktuelt
Nyhet

Ny rangering: UiB framleis mest sitert

Times Higher Education, den årlege rangeringa av verdas beste universitet er klar. Universitet i Bergen er i 2019 mellom dei 100 mest siterte universiteta i verda.

Museplassen
PÅ SITERINGSTOPPEN: I følgje universitetsrangeringa Times Higher Education er Universitetet i Bergen det mest siterte universitetet i Noreg.
Foto/ill.:
Marianne Røsvig, UiB.

– Det er stor stas å verta rangert som best av alle Norges universitet på sitering - ikkje minst sidan vi er mellom dei 100 beste i verda. Sitering som indikator måler forskingskvalitet på ein god måte. Den viser at verdas forskingsfellesskap ser mot og bruker UiB si forsking, seier rektor ved Universitetet i Bergen (UiB). 

UiB vert dette året rangert som det 83. mest siterte universitet i verda. Siteringar, eller at andre forskarar viser til eller brukar forsking frå UiB, er også viktig for Times Higher Education (THE). THE meiner at siteringar er eit særleg godt mål på forskingsuniversiteta sine kvalitetar og har vekta det til 30 prosent av rangeringa. Universitetet i Oslo (UiO), på andreplass i Noreg når det gjeld siteringar, er rangert som nummer 124 på verdslista over dei mest siterte universiteta.

Hardare konkurranse

UiB sin poengsum innan sitering er lik som i fjor (94 poeng), medan plasseringa var betre ved sist rangering. Samla sett vart UiB i fjor rangert som nummer 197, medan universitetet i år kjem mellom plass 201 og 250. UiO vert også rangert lågare enn i fjor og fell med ti plassar.

– Vi ser at konkurransen om å nå opp på rangeringa vert tøffare nærast kvart år. Særlig har mange asiatiske universitet gjort seg gjeldande dei siste åra. Då er det også ekstra bra at vi vert rangert som Norges nest beste universitet på internasjonalisering, seier Olsen.

Norges miljø- og biovitskaplege universitet vert rangert høgast i Noreg på temaet International Outlook, like over UiB.

Når ut med forskinga

THES er rekna for å vere kanskje den aller viktigaste rangeringa av klassiske forskings- og breiddeuniversitet.

– Det skal seiast eg ikkje er så overraska over at forskinga vår held høg kvalitet og når ut, men det ser unekteleg godt ut når det viser seg att i rangeringar som Times Higher. Dette er noko heile UiB kan vere svært stolte over, seier Dag Rune Olsen.