Hjem
Aktuelt
Nyhet

Statsministeren inviterte til toppmøte om havvind ved UiB

På sitt toppmøte for havvind ved UiB peika statsminister Erna Solberg som ein av dei viktigaste ressursane for landet. – Vindkraft til havs vil vere ein viktig ressurs for mange marknadar framover, og vil gi grunnlag for næringsutvikling og -arbeidsplassar her heime, sa statsministeren.

Erna Solberg på Havlaben ved UiB
TOPPMØTE OM HAVVIND: Statsminister Erna Solberg kalte inn til toppmøte om havvind på Havlaben ved UiB.
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

– Havet er ein enorm ressurs for Norge, både før, no og i framtida. Vi veit at vi kjem til å gå inn i ei omstilling på energi i Norge og vi skal ha nye næringsveier. Då må vi bli ein endå sterkare havnasjon, sa Erna Solberg. 

Tysdag 17. september arrangerte stasministeren toppmøte for havvind på Havobservasjonslaboratoriet, med ekspertar frå fleire institusjonar og næringar representerte, mellom dei Universitetet i Bergen (UiB)

– Vi treng sterkare kunnskapsmiljø på det som gjeld hav, og Universitetet i Bergen er eitt av dei, sa ho.

Statsministeren peika på behovet for meir berekraftig energibruk både i Norge og på verdsbasis. 

– Alternative energikilder som vindkraft er viktig. Vindkraft til havs vil vere ein viktig ressurs for mange marknadar framover, både på verdsbasis, og her heime der det vil gi grunnlag for næringsutvikling.

Erna Solberg RAS-laben UiB

OMVISING: Statsministeren vart vist rundt i RAS-anlegget til iLab ved UiB.

Foto/ill.:
Vebjørn Granum Kjersheim

Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, helste deltakarane velkomen til Havlaben. For at Europa skal lukkast med å verte det første klimanøytrale kontinentet, bør Norge hjelpa til ved eksport av grøn energi. Han viste til ei fersk undersøkjing som viser at 70 prosent av nordmenn er positivt innstilte til vindkraft til havs.

– Ved UiB har vi tru på havvind og har difor etablert Bergen Offshore Wind Centre. Støtte fra industripartnarar som Equinor har gjort det mulig for oss å satse tverrfaglig og substansielt på havvind. 

Skal havvind kunne bli det neste, norske energieventyret, må eit samarbeid mellom industri og næringsliv, politikk og akademia på plass, påpeikte rektor

– Difor er det ekstra hyggelig at statsministeren nettopp inviterer representantar for desse sektorane til toppmøte her i dag.

UiB-rektor Dag Rune Olsen

NYTT ENERGIEVENTYR: Havvind vil spele ei viktig rolle i det grøne skiftet, meiner UiB-rektor Dag Rune Olsen.

Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg understreka at eit av hans hovudmål er å leggje til rette for grøn energi. 

– Havvind er ein av dei teknologiane som vi har store forventingar til.

Han påpeikte at havvind er dyrt per i dag, men at han ville nytta kunnskapen samla ved toppmøtet til å finne ut meir om korleis ei tilretteleggjing kan påvirke denne prisen. 

Kjell-Børge Freiberg, olje- og energimninister

VILLE LÆRE: Kjell-Børge Freiberg, olje- og energiminister ville bruke toppmøtet til å lære meir om havvind og framtidige kostnadar.

Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB