Hjem
Aktuelt
TROND MOHN STIFTELSE 15 ÅR

– Støtta kom på eit kritisk punkt

Utan støtta frå Trond Mohn Stiftelse hadde Bodil Holst jobba som patentrådgivar i München. I staden er ho ein av dei mest innovative forskarane ved Universitetet i Bergen.

Bodil Holst
– Ei slik støtte forpliktar, seier professor Bodil Holst. Ho vart den første forskaren som fekk rekrutteringsstipend frå Trond Mohn stiftelse.
Foto/ill.:
Ingvild Festervoll Melien

– Den støtta kom på eit kritisk punkt. Eg måtte ha ei fast stilling. Eg tenkte på å ta ein jobb i München som patentrådgjevar. I dag er eg svært glad for at det gjekk som det gjekk, seier Bodil Holst, professor ved Institutt for fysikk og teknologi.

Rundt 2007 hadde Holst vore post.doc i fleire år ved Max Planck-instituttet i Göttingen og Teknisk Universitet i Graz etter doktorgraden ved University of Cambridge.

Ved Universitetet i Bergen (UiB) ville ho arbeide med eit uhyre komplekst og teknisk utfordrande prosjekt - eit helium-atommikroskop. Det var ein heilt ny mikroskopteknikk som bruker nøytrale helium-atom til å avbilda overflatestrukturar. Denne metoden er særleg eigna til å ta bilete av skrøpelige overflater og overflater med svært store variasjonar i breidd og høgde. 

– Det var eit vanskelig prosjekt å få på beina, seier Holst.

Ville satsa på nanoforsking

Ho hadde vore i kontakt med Jan Petter Hansen, dåverande leiar ved Institutt for fysikk og teknologi. Han ville satsa på nanoforsking ved UiB. Det mangla derimot pengar og ikkje minst eit laboratorium som Holst kunne bruka til den krevande forskinga si. 

– Eg visste kva eg trengte, men kunne ikkje driva dette prosjektet utan pengar. 

Eit halvt år seinare tok instituttleiaren kontakt att og sa han hadde funne ei løysing. Bodil Holst vart den første forskaren som fekk støtte av Bergen Forskningstiftelse, som no heiter Trond Mohn stiftelse, gjennom eit såkalla recruitment grant.       

Rekrutterings-stipendet var ei løyving på totalt 16 millionar kroner, delt mellom stiftelsen og UiB. Eit par år seinare fekk ho ei ekstra løyving frå Trond Mohn til å etablere eit nanostruktur-laboratorium. Som ein del av rekrutterings-stipendet fekk ho fast stilling ved UiB og høvet til å realisere prosjektet med det unike mikroskopet. 

Etter at prosjektperioden gjekk ut koordinerte ho eit EU-prosjekt på området, og prosjektet pågår framleis. 

– No er vi tett på å vere i mål. Støtten frå Mohn gjorde at vi kunne sjå langt fram i tid. 

«Dette vil eg forstå»

Ho har alltid visst at ho skulle bli forskar, i følgje henne sjølv. 

– Heile livet har eg vore motivert av forstå korleis verda fungerer. 

Ho fortel at ho som 12-åring vitja Niels Bohr-instituttet og fekk sjå ein demonstrasjon av eit instrument (ein syklotron) med eit sterkt magnetfelt, som gjorde at ei metallplate sank svært sakte, medan ein kam fall mykje raskare ned. 

– Det gløymte eg aldri. "Dette vil eg forstå" tenkte eg.

Valet av skulegang og utdanning vart prega av vitebegjæret, ho deltok på eit ungdomslaboratorium på gymnaset, arrangert av Københavns Universitet. 

Ros på heimebane

Som vaksen trivst Holst med livet på Vestlandet, både som forskar og som privatperson. 

– Eg likar å strikke og å gå tur. 

Ho har ein gut på seks år, som byrjar å verta like nyfiken som ho var som barn. 

– Vi lagar ofte mat saman, og ein dag spurte han meg korleis deigen hevar. Eg klarte å kome opp med ei forklaring. Han sa eg forklarte betre enn dei tilsette i barnehagen, og det må eg jo ta som ein stor ros, smiler ho. 

Ho fortel at ho er djupt takksam for støtta frå Trond Mohn stiftelse. 

– Eg er svært nøgd med korleis livet mitt har blitt, og det kan eg jo takke støtta for. Som forskar har eg alltid hatt i bakhovudet at eg ikkje skulle svikta dei. Ei slik støtte forpliktar.

Les meir