Hjem
Aktuelt
Norsk Medborgerpanel

Stolar meir på Erna og mindre på naboen

Ferske funn frå Norsk Medborgerpanel viser at folk sine haldningar til både regjering, lokale politikarar og til naboen har endra seg under koronakrisa.

hva mener folk under koronakrisen
Folks haldningar er i endring under koronakrisa.
Foto/ill.:
Andrea Magugliani, UiB

I dag slapp Norsk Medborgerpanel sine første funn etter den store undersøkjinga om nordmenn sine haldningar under koronakrisa. Dei presenterte funna i eit live nettseminar med fleire hundre deltakarar: 

Hva mener folk om Koronakrisen?

Dei første funna frå den store korona-undersøkjinga til Norsk Medborgerpanel vart slepte i dette webseminaret. I panelet sat Elisabeth Ivarsflaten (DIGSSCORE og Institutt for sammenliknende politikk), Julie Riise (Institutt for økonomi), Bjørn Sætrevik (Psykologisk fakultet), og Nina Langeland (Medisinsk fakultet). Seminaret vart opna av rektor Dag Rune Olsen, og Anne Lise Fimreite (Institutt for Sammenliknende politikk) modererte seminaret.

Produsent:
UiB

Undersøkjinga viser at folk sine haldningar har endra seg på fleire felt under koronakrisa, mellom anna desse: 

  • Tilliten til både regjering, storting og lokale politikarar har gått markant opp 
  • Den mellommenneskelege tilliten går noko ned 
  • Tilliten til norsk økonomi har gått markant ned  

Gjennom ni dagar med pandemi har forkarar innan psykologi, statsvitskap, økonomi, medievitskap og medisin spurt 12 000 personar i det unike medborgarpanelet om deira haldningar. Tidlegare data samla inn sidan starten på Norsk Medborgerpanel i 2013 gir eit unikt høve til å seie noko om endringar i folk sine oppfatningar, synspunkt og vurderingar dei siste vekene.  

Les mer om pandemiundersøkjinga her