Hjem
Aktuelt
Nyhet

Bjerknessenteret får fem nye år med finansiering

– Med dei store oppgåvene som vår nasjon og verdssamfunnet står overfor, er klimakunnskap viktigare enn nokon gong, seier ein glad direktør Tore Furevik. Kunnskapsdepartementet melder no at Bjerknesssenteret får forlenga støtta i fem år.

Erna Solberg og forskarar på Bjerknessenteret
Statsminister Erna Solberg i midten i 2017, omkransa av forskarar frå 32 nasjonar representert på Bjerknessenteret.
Foto/ill.:
Paul S. Amundsen/Bjerknessenteret

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim melder i dag at Bjerknessenterets bevilgning frå Kunnskapsdepartementet vert forlenga med fem år, ut 2026. 

– Bjerknessenteret er viktig for Noreg, både som eit internasjonalt kunnskapssenter og som ein betydningsfull arena for rekruttering av nye generasjonar klimaforskarar. Difor ønsker eg å vidareføre finansieringa av senteret med 30 millioner kroner i året, i første omgang i fem nye år. Det håpar eg bidreg til at senteret held fram med å vere eit framragande forskingssenter som bidreg til å sette Noreg på kartet innan global klimaforsking, seier minister Henrik Asheim.

Ei statleg krone blir seks kroner i forskingsprosjekt

– For kvar krone vi får i statleg støtte, hentar vi inn seks kroner i forskingsprosjekt, nasjonalt og internasjonalt. At vi no er sikra finansiering i fem nye år er fantastiske nyhende frå regjeringa, eg sender ein stor takk, seier Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning. 

Furevik peiker på at dei fire partnarane som samarbeider i Bjerknessetneret har klart å skape eit internasjonalt stort og konkurransedyktig forskingsmiljø. 

Trekk internasjonale toppforskarar til Bergen 

Bjerknessenteret for klimaforsking er eit samarbeid mellom dei naturvitskaplege klimaforskingsmiljøa ved Universitetet i Bergen, NORCE, Havforskingsinstituttet og Nansensenteret for miljø- og fjernmåling. 

– I år feirer vi tjue år som samarbeidsorgan for klimaforsking, og finansieringa frå Kunnskapsdepartementet gjer at vi er i stand til å ligge heilt i front innanfor ei rekkje forskingsområde. Vi vinn fram i konkurranse om dei store europeiske forskingsmidlane, og vi ser at merkevaren Bjerknessenteret gjer at internasjonale toppforskarar ønskjer å kome til Bergen, seier Furevik.

Også rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, er nøgd med dagens gladmelding.

– Dette er fantastisk, seier ein stolt UiB-rektor. - Ikkje minst er det gledeleg at dette kjem i jubileumsåret for senteret, legg han til.

– Dette viser at Bjerknessenteret har gjort seg velfortjent til framleis å få støtte. Dei har gjort ein solid samfunnsinnsats over fleire år, og utgjer eit internasjonalt kunnskapssenter og eit solid forskingsmiljø innan vår tids største utfordring.

Finansieringa frå Kunnskapsdepartementet gjer at senteret kan ha forskingsgrupper som famnar over fire institusjonar, strategiske prosjekt som fører til ny kunnskap, nye prosjekt og fleire forskingsmidlar, og ikkje minst at senteret er i stand til å levere data og analyser til FN sitt klimapanel og til andre internasjonale og nasjonale aktørar med kunnskapsbehov.  

I dei komande fem åra vil Bjerknessenteret særleg prioritere desse fem forskingsfelta: 

Global klimamodellering. Den norske jordsystemmodellen er ein av dei viktigaste bidragsytarar til FN sitt klimapanel, og er blant dei fem mest brukte i verda. Modellen er eit resultat av meir enn 20 års utviklingsarbeid i Bergen og Oslo, til ein kostnad på nesten 200 millionar kr. Samstundes har den gjort norske forskarar i stand til å hente heim meir enn ein milliard kroner frå EU. Den er viktig verktøy for å følgje opp Paris-avtalen.  
 

Klimavarsel og effektforsking. Eit forskingsfelt i hurtig vekst er å kunne varsle klima frå sesong til år og tiår. Bjerknessenteret ligg heilt i front internasjonalt. Klimavarsel og effektforsking vil redusere risikoen som  klimaendringane fører med seg, til dømes relatert til ekstremnedbør, flom og ras, men også kunne gi meir inntening gjennom til dømes meir effektiv forvaltning av våre fiskeressursar eller ressursuttaket i vasskraft-sektoren.  
 

Ekstremvêr og klimafarar (vind, flom, ras, tørke, brannar mm). Klimarisiko vert stadig viktigare i tida som kjem. Det er vitskapeleg utfordrande og samstundes særs viktig for samfunnet å kunne varsle utviklinga. Fagfeltet har eit stort internasjonalt nedslagsfelt og betydeleg potensiale for kunnskapsoverføring til land i sør. Det er også ein viktig del av Paris-avtalen.  
 

Havforsuring og karbonsyklusen i havet. Med klimaendringane er det venta store endringar i havets kjemiske og fysiske samansetnad. Gitt at ein del av våre noverande og framtidige inntekter vil kome frå havet, kan slike venta endringar få stor betyding for Noreg. Dette fagområdet krev auka innsats i tida som kjem. Det handlar om oppvarming og havforsuring, mindre blanding og reduserte oksygennivå, og ikkje minst tap av det biologiske mangfald med uvisse konsekvensar for alt liv.  
 

Bidrag til at verda skal nå FNs bærekraftsmål. Svært mange av FNs bærekraftsmål har klima som fellesnemnar. Det gjeld liv i havet, liv på land, mat, helse, vatn og klimahandtering. Som eit rikt land og gjennom vår eksport av fossile brensler ein stor bidragsytar til globale utslepp av klimagassar, synest vi at Noreg i større grad bør vera med på den internasjonale kunnskapsdugnaden som trengs for at verda skal nå måla som er satt. Dette krev betydeleg forskingsinnsats, spesielt i land i sør.