Hjem
Aktuelt
Ny utlysing:

Søk midlar frå UiB sitt klimafond

UiB sitt klimaavtrykk skal reduserast. Har du ein god idé som kan hjelpe til på vegen? Søk midlar frå UiB sitt klimafond. Husk søknadsfrist 13. mai.

bilde av regnbue og ballonger
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

UiB har gjennom ei årrekke markert seg som ein tung forskings- og utdanningsinstitusjon innan klima og berekraft. Ansvaret for den grøne omstillinga stoppar ikkje der – universitetsstyret ved UiB har også vedteke at vi skal nå målet om klimanøytralitet innan år 2030. Dette målet skal vi nå, og vi vil ha deg med på vegen.

UiB-leiinga har etablert eit klimafond på 5 millionar kroner som skal finansiere tiltak som kan redusere universitetet sitt klimaavtrykk.

Dette er UiB sitt klimafond:

  • Fondet har som formål å engasjere tilsette og studentar i arbeidet for eit meir klimavenleg universitet, samt å bidra til å redusere UiB sitt klimaavtrykk.
  • Det blir ikkje gitt støtte til søknader retta mot enkteltstudentar eller tilsette.
  • Større klimatiltak knytt til bygg vert prioriter og tidelt via Eigendomsavdelinga. Fondet skal difor primært støtte konkrete tiltak som ikkje er relaterte til bygg.
  • Meir informasjon her.

UiB sitt klimafond kan støtte tiltak innan følgande kategoriar:

Reiser og arrangement:

  • Støtte til einingar eller organisasjonar som satsar på miljøvenlege reisealternativ.
  • Støtte til val av meir miljøvenlege lokalreiser, sykkelordningar for grupper eller einingar.
  • Tiltak for eit meir miljøvenleg universitet.

Tiltak for gjenbruk og rydding:

  • Tiltak som ryddedag og bruktbu.
  • Tiltak som legg til rette for gjenbruk og sirkulær økonomi

Nyskapende og innovative idear:

  • Fondet opnar også for nytenking og innovasjon knytt til tiltak for eit meir klimavenleg universitet. Vi har difor ein open søknadskategori for denne type søknader. 

Vurderingskriterier:

I vurderinga blir det lagt vekt på:

  • Relevans/grad av nytte (i forhold til kostnad) 
  • Innovasjon/nytenking
  • Om tiltaket er gjennomførbart

Kven kan søke?

  • Både studentar og tilsette kan søke om midlar til både mindre og meir omfattande tiltak, avgrensa til 500 000 kroner. Studentar og tilsette blir vurderte på lik linje.
  • Fondet blir forvalta av styringsgruppa for Klimanøytralt UiB, som rapporterer til universitetsstyret om korleis midlane blir forvalta.

Vil du gjere UiB grønare? Send ein kort søknad som inneheld mål for prosjektet, gjennomføringsplan og budsjett til klima2030@uib.no. Søknadsfrist: 13. mai.

Det innvilga beløpet blir utbetalt via faktura. Det blir stilt krav om kort prosjektrapport inkludert rekneskapsoversikt etter at prosjektet er gjennomført.