Hjem
Aktuelt
Æresdoktor

Æresdoktor utanfor allfarveg

– Som forfattar lever eg etter heilt andre lover enn eg gjer som forskar. Det seier Bergsveinn Birgisson, som no blir æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Forfattaren av mellom anna Svar på brev frå Helga meiner akademia har mykje å hente på å bruke litterære grep for å nå ut med forskinga.

Bergsveinn Birgisson æresdoktor UIB
Forfattaren og forskaren Bergsveinn Birgisson blir æresdoktor ved Universitetet i Bergen. – Ja det er gjevt! Eg har har ikkje gått allfarvegen, og eg har kasta meg ut i nye ting utan å forlate det akademiske. Eg har prøvd å vere i to verder på ein gong, og sjå kva som skjer i dei, seier han
Foto/ill.:
Steinunn Ólína Thorsteinsdóttir/ Bergsveinn Birgisson

Hovedinnhold

– I det akademiske systemet blir vi fort handtverkarar som skal finne fakta, utan å tenkje så mykje på mottakarane. Vi blir mest som tenarar i eit maskineri som skal finne ei objektiv sanning. Forfattaren må på si side tenkje breitt og finne historia i det han formidlar. Han må ha gode metaforar og vise fram seg sjølv som eit subjekt. Det er ganske frigjerande! 

Det seier den islandske forfattaren og forskaren Bergsveinn Birgisson som i desse dagar blir utnemnd til æresdoktor ved UiB for forfattarskapet sitt. I nominasjonen frå universitetsleiinga står det at han har gitt eit eineståande bidrag til å gjere kunnskap om den norrøne kulturava tilgjengeleg for eit breitt publikum, og til å halde interessa og fortolkinga av den norrøne historia levande. 

I to verder på ein gong

Mest kjend er han for romanen Svar på brev frå Helga, som vart innstilt til Nordisk råds litteraturpris, der ein gamal sauebonde svarar på brevet frå elskarinna som bad han flytte med henne til byen for mange år sidan. I romanen rullar forfattaren ut ei vittig, men samtidig vemodig historie om tapt kjærleik og tapt kultur, der skildringa av det islandske bondesamfunnet, og mange av dei historiske detaljane er henta frå Birgisson si eiga forsking. Gjennom forskinga går han inn i språket, metaforane og interessene til hovudpersonen, og han vev historia saman med gamle forteljingar og sagn. 

Birgisson har også gitt ut ei rekkje andre høgt skatta romanar og diktsamlingar, samt vitskaplege publikasjonar som boka Den svarte vikingen, der han utvidar sjangeren for sakprosa. I romanen Mannen frå middelalderen spenn han igjen ei bru mellom eldre og moderne tid, med historia om 1600-talls historikeren og handskriftsamleren Tormod Torfæus. Den førebels siste romanen hans er romanen Kolbeinsøy

Birgisson set stor pris på å bli æresdoktor ved UiB, sidan det var her han tok doktorgraden sin med avhandlinga Inn i skaldens sinn.

– Ja det er gjevt! Eg har har ikkje gått allfarvegen, og eg har kasta meg ut i nye ting utan å forlate det akademiske. Eg har prøvd å vere i to verder på ein gong, og sjå kva som skjer i dei. At eg no får eit æresdoktorat ser eg på som ei godkjenning av det arbeidet eg har lagt ned. Eg er svært takknemleg for det, seier han. 

Når ut gjennom leik 

I doktorgradsavhandlinga si utvikla han ein metode for å kome nærare mentaliteten i skaldekvada, og også her vevde han saman djup fagleg kunnskap med litterær innleving. Denne metoden som han kallar kunnskapsbasert fantasi har han tatt med seg inn i forfattarskapet. Birgisson er oppteken av at det kreative og det vitskaplege ikkje står mot kvarandre, og at forfattarar og forskarar tvert om heilt grunnleggande sit i same båt. 

– Vi må snu ting på hovudet, få inn ein ny synsvinkel og finne noko nytt. Dette er vi einige om. Gneistringsfeltet ligg i korleis ein skal finne og utforme dette nye, seier han. 

Sin eigen gneist finn han i leiken.

– Ein lærer best gjennom leik! Når mennesket er stressa så skrumpar delar av hjernebarken inn og verkar ikkje skikkeleg. Arbeid treng ikkje stå mot underhaldning, for det går fint an å lære samtidig som ein har glede av ting. Det er dette skjæringspunktet eg har blitt så glad i, seier han. 

Bruke knep frå litteraturen

Birgisson oppmodar andre forskarar til å bruke knep og grep frå litteraturen til å få fram forskinga si. Eit grep han sjølv nyttar mykje er å hente fram detaljar som skaper bilete i hovudet til lesaren.

Metaforen er eit fantastisk verkty! Vi forstår ein ting via ein annan, så du kan pakke svært mykje kunnskap inn i metaforen. Vi hugsar i bilete og i forteljingar, så det gjeld å finne eit slagkraftig bilete for den kunnskapen du sit inne med. 
Birgisson prøver å sjølv vere ei bru mellom vitskap og populærkultur. 

– Kunstig intelligens kan gi oss historiske opplysningar på 0,1 sekund, men vi treng eit menneskeleg subjekt som kan fortelje oss kva dette betyr for oss i dag! Gapet mellom det populariserte og det vitskapelege er mange gongar unødvendig stort. Vi har fått utdanningsinstitusjonar som tek vare på «sanninga», men som ikkje bryr seg mykje om kva folk flest har fått med seg. Samtidig så lagar underhaldningsindustrien sine eigne versjonar, og desse blir gjerne ståande som det einaste referansepunktet. Vi må forsøke å tette det gapet, oppmodar han.