Hjem
Aktuelt

Meir ekstremvêr

Tilfella av ekstremvêr har auka, mellom anna på grunn av menneskeskapte klimaendringa, viser ein ny sentral FN-rapport.

- Me er ganske sikre på at ekstremt varme temperaturar har auka på verdsbasis, dei ekstremt kalde er det mindre av. Fleire stader i verda opplever sterk auke i nedbør, med fleire ekstreme tilfelle, seier Asgeir Sorteberg til uib.no.

Han er professor i geofysikk ved UiB og Bjerknessenteret, og ein av hovudforfattarane i eit av kapitla i rapporten Managing the Risks of Extreme Weather Events and Disasters som vert lagt fram fredag. Den vitskaplege rapporten er på kring 900 sider, og eit samandrag har denne veka vorte drøfta av FN-representantar i Kampala i Uganda.

Les samandraget her.

Treng meir kunnskap

Sorteberg er ein av tre norske forskarar som har vore hovudforfattarar. Fleire hundre forskarar har arbeidd med den vitskaplege rapporten dei siste tre åra, på oppdrag av The Intergovernmental Panel for Climate Change (IPCC). Rapporten har ein naturvitskapleg del og ein del som omhandlar risikohandtering.

På ein pressekonferanse fredag la Sorteberg og Farrokh Nadim frå International Centre for Geohazards i Oslo fram hovudkonklusjonane i rapporten,  og overleverte samandraget til miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Ei rekkje naturkatastrofer på verdsbasis har auka behovet for å bestemma om slike hendingar er tilfeldige eller del av eit skifte i verdsklimaet. Til dømes utløyste langvarige tørker store skogbrannar i Sibir i 2010, medan Pakistan og India måtte stri med ekstrem flaum. I år har USA opplevd flaumkatastrofer, mellom anna i Mississippi og tørke i Texas.

Skuldast menneska

Sorteberg fortel at hyppigare ekstreme tilfelle av varme temperaturar og færre kalde kan knyttast til menneskeleg påverking.

- Basert på dei observasjonane me har gått gjennom kan delar av dette knyttast til menneskeskapte klimaendringar. Det er er derimot vanskeleg å seia noko om Afrika utfrå dette perspektivet. Dette er på grunn av dårlig observasjonsgrunnlag, seier Sorteberg

Auka nedbør kan også delvis knyttast til klimaendringar skapt av menneske.

- Når det gjeld flaum kan også endringa i andre faktorar spela inn. Byggjing av dammar kan til dømes gjera det vanskelig å knytta dei observerte forandringane til klimaendringar. Det same gjeld tørke, seier Sorteberg.

Våt og varm framtid

Dei siste åra har tropiske syklonar skapt store øydeleggjingar på verdsbasis.

- Syklonane har auka i intensitet, det vil seia med sterkare vind og meir nedbør, seier Sorteberg.

Tilfella av ekstrem varme og nedbør kjem til å auka i framtida, i følgje rapporten.

- Her i Bergen har nedbøren auka med 20 prosent dei siste hundre åra, og me kan forventa oss at det kjem 10 til 20 prosent meir dei neste hundre åra. Me kan forventa ein våtare kvardag med fleire ekstreme hendingar knytt til dette, til dømes auka fare for flaum og ras, seier Sorteberg.

Vurderer risikoen

Rapporten tar ikkje omsyn til korleis ein kan løysa utfordringane ved å redusera klimautsleppa, men konsentrerer seg om risikohandtering på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

- Ein har sett på kva ein skal gjera før, under og etter ei ekstrem hending. Om ein brukar flaum som eit døme vil det vera viktig med eit godt varslingssystem, katatastrofeberedskap og analyse i etterkant. Infrastrukturen må tilpassast det me kan forventa oss i framtida, seier Sorteberg.

- Eit godt døme er den ekstreme hetebølgja i Europa, som sørleg ramma Frankrike, Spania og Italia. Ein kunne forventa at at desse landa skulle vera budde på noko slikt, men kring 40 000 døydde, mest sannsynleg på grunn av varmen. Det var mange fleire enn dei som døde som ei følgje av Katrina. Ein såg ikkje faren ved ei slik hetebølgje og var ikkje førebudd, men har i etterkant utvikla betre varsling og risikohandtering.

Sorteberg meiner ein i Noreg i høg grad har utvikla gode rutinar, men at utfordringar kan materialisera seg kring byggenormar tilpassa det framtida kan gi. På verdsbasis er situasjonen annleis.

- Land med dårlegare økonomiske utgangspunkt er meir sårbare. Det er noko heilt anna om til dømes Burma vert råka av ekstremvêr enn Noreg.   

Når rapporten no vert handsama av dei 194 nasjonane er tre års arbeid over for Sorteberg. Det har til tider vore hektisk.

- Rapporten har vore gjennom fleire fagfellevurderingar. Kapittelet eg har arbeidd med har vore gjennom tre, og alle kommentarar skal svarast på skriftleg. Det har teke mykje tid, me har svart og revidert.