Hjem
Aktuelt
Ny forsking

Gjer havet surare

Ein nyoppdaga partikkel gjer havet surare og kan auka CO2-nivået. Forskarar frå Universitetet i Bergen meiner partikkelen kan fylla eit viktig tomrom i dagens klimamodellar.

Partiklane som er funne på opptil 1000 meters djup gjer havet surare.
Partiklane som er funne på opptil 1000 meters djup gjer havet surare.
Foto/ill.:
PLOS ONE

Dei nyoppdaga partiklane er laga av kalk.

- Mengda kalk i havet er viktig. Med høyere biologisk produksjon av kalk aukar både surhetsgraden i vatnet og CO2-nivået. Når det vert meir av denne drivhusgassen i sjøen, vert også nivået i atmosfæra påverka, fordi mindre CO2 kan takast opp av havet, seier Gunnar Bratbak, professor i mikrobiologi ved Universitetet i Bergen, til forskning.no.

Korallar i fare

Bratbak trur at surare hav også kan setja verdas korallrev i fare, og påverka skjellproduksjonen i havet.

Saman med forskingsteamet har Bratbak funne partiklane i Norskehavet, Raunefjorden utafor Bergen, ved Svalbard, i Middelhavet, og i sediment i Nordsjøen, skriv forskning.no. Partiklane er undersøkte i elektronmikroskop ved UiB.

Form, tal og storleik på kalkpartiklane varierer. Dei fleste er 0,001-0, 1 millimeter store og det finst mellom 10 000 og 100 000 per liter sjøvatn.

Partiklane er med på å danna meir kalk over eit lengre tidsrom enn ved andre kalkdannande prosessar

- Inga rask løysing

Forskinga er publisert i tidsskriftet PLOS ONE. Egil S. Erichsen og Mikal Heldal er medforfattarar.

Forskarteamet trur ikkje dei nye funna vil ikkje skapa ei rask løysing på klimaproblemet, men kan brukast til å fylla eit tomrom i dei klimamodellane me har i dag.

- Slike modellar er sentrale i å forutseia utviklinga av klimaet på jorda, og ved å inkludera dei nye partiklane kan vi seia meir nøyaktig kva effektar auka CO2- mengde vil ha på havet, og i sin tur klimaet, seier Bratbak til forskning.no.