Hjem
Aktuelt
UiB sitt budsjett for 2013

Tøff satsing trass stramme rammer

Prioritering av studiekvalitet og forsterka satsing på gode forskingsprosjekt som ERC, SFF og FUGE. Dette er nokre av tiltaka i UiB sitt budsjett for 2013.

UiB sitt budsjett for 2012 vart vedteke 25. oktober.
UiB sitt budsjett for 2012 vart vedteke 25. oktober.
Foto/ill.:
Marianne Røsvik

– Dette budsjettet er offensivt og framtidsretta, seier rektor Sigmund Grønmo om det nye budsjettet for Universitetet i Bergen, som vart vedteken torsdag 25.oktober.

Universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken presenterte forslaget til nytt budsjett torsdag.

– Trass i eit stramt budsjett klarer vi å få fram ein tydelig profil der vi legg til rette for fagleg framgang, seier Elvbakken. 

I alt skal 2,6 milliardar kroner fordelast gjennom budsjettet, som vidarefører Universitetet sin strategi for 2011- 2015 og ei satsing på kvalitet i både forsking og utdanning. Mellom anna skal ein vidareføra debatten om studiekvalitet ved UiB. Hausten 2012 vart rapporten ”Kvalitet i utdanning levert”, og til våren vert rapporten fulgt opp av med ei vurdering av undervising og lærformar. Rektor trekk også fram satsinga på DigUiB, UiB si satsing på bruk av digitale hjelpemiddel og støttesystem for utdanning ved UiB.

Les heile forslaget til budsjett her.

Tid til forsking

Budsjettet vidarefører dei eksisterande tiltaka for å fremja forskinga, til dømes fellesløftet. Fellesløftet for fri forsking er eit felles initiativ frå Forskningsrådet og universiteta, der universiteta bruker til sammen 100 millioner per år til fri prosjektstøtte samstundes som staten aukar si løyving til FRIPRO i Forskingsrådet med ein like stor sum.

Styret vart samde om å å få belyst ei ordning der forskarar ved UiB kan få forskingstermin kvart sjette år, i staden for kvart sjuande. Samstundes skal ulike tiltak for å auka forskingskvaliteten sjåast på.

– Dette kan vera motiverande og fremja meir forsking. I lengda gagnar det også utdanningskvaliteten ved UiB, god forsking skapar god utdanning, seier rektor.

Styrkjer MNT og Jus

UiB sitt budsjett legg opp til ei styrking av matematiske, naturvitenskapelige og teknologiske fag (MNT-faga), samt  ei styrking av utdanningskvaliteten i juridiske fag.

Dette vert og fulgt opp i innspelet til neste statsbudsjett.

– I innspelet til statsbudsjettet for 2014 markerer vi  behovet for ei ytterlegare styrking av JUS, samt behovet for betre infrastruktur og teknologi innan MNT-faga, seier han.

Han meiner budsjettet trekk vekslar på eksisterande prioriteringar, samstundes som det legg grunnlaget for dei framtidige.

– Dette budsjettet legg til rette for utviklinga i den neste styreperioden. Det følgjer opp tankane som har vore sentrale for dette rektoratet, både gjennom våre satsingar internt, og i markeringa med tanke på det neste statsbudsjettet. 

Les meir nytt frå Universitetsstyremøtet her.