Hjem
Aktuelt
SFF

Middelalderen i nytt ljos

Senter for Middelalderstudier har i ti år kasta nytt ljos på middelalderen i Europa. Perioden var neppe mørkare enn andre periodar i eldre tid, meiner leiaren for senteret.

Mordet på Erik Klipping viser eit skilje i middelalderen, sidan ingen tilsto...
Mordet på Erik Klipping viser eit skilje i middelalderen, sidan ingen tilsto mordet og kravde trona. Malaren Otto Bache har skildra korleis han tenkte det såg ut då konspiratørane flykta.
Foto/ill.:
Wikimedia Commons

Målet til Senter for Middelalderstudier har vore å setja den historiske og kulturelle arva etter den europeiske middelalderen i eit nytt ljos. Sverre Bagge har vore leiar for senteret. Han meiner ein har kome fram til fleire nye innsikter om middelalderen, mellom anna når det gjeld kristninga på 900- og 1000-tallet.

- Det dominerande paradigmet når det gjeld kristninga av Noreg har vore at det har skjedd gradvis og fredeleg. Dette har me snudd om på, me meiner det har vore ein svært dramatisk og rask prosess, der kongane har stått sentralt. Kristendommen vart raskt etablert som landets religion, seier han.

Tverrfagleg styrke

Sidan senteret vart oppretta som Senter for Framifrå Forsking (SFF) i 2002, har talet tilsette ved Senter for middelalderstudier auka frå fem til omkring 30. Senteret er eitt av to innanhumaniora i Noreg. Rundt halvparten av dei tilsette har anna bakgrunn enn norsk. Faga som er representert er historie, teologi (eller kyrkjehistorie), norrøn og latinsk filologi og arkeologi.

- Det tverrfaglige samarbeidet gjev oss andre synspunkt, andre bakgrunnar og nye faglege impulsar, seier Bagge.

No er ti år med SFF-status over, noko som vert markert med konferansen "Culture and Society in the Middle Ages" frå 4. til 6. oktober.

Sjå programmet for konferansen her.

Ljos eller mørk middelalder

Den folkelege oppfattinga av middelalderen er gjerne at det var ei tid prega av vald og utryggleik. Forskinga sitt syn på middelalderen har gått i bølgjer, der eit meir positivt syn på perioden gjorde seg gjeldande frå slutten av 1800-talet, for så å verta ”mørkare” att frå 70-talet. Særlig i USA har mykje forsking i seinare tid fokusert på overtru og grusomheiter,  valdtekt og tortur, fortel Bagge.

- Det er ei svært seigliva forestilling at middelalderen var så mørk. Vi veit ikkje så mykje om vanlege folk, der er lite statiske materiale før på 1600-talet. Om ein samanliknar samfunnet i perioden med vår eiga tid ser han svært mørk ut, eg ville ikkje ha levd i middelalderen. Derimot var den neppe mørkare enn andre periodar i eldre tid, seier Bagge.

Staten fødd i middelalderen

- Er det deler av dagens samfunn me kan takka middelalderen for?

- Byrjinga på den moderne staten og samfunnet finn me i middelalderen, det moderne demokratiet og konstitusjonell teori likeså. Eg vil ikkje gå så langt som å seia at middelalderen var demokratisk, det var adelen og dei mektige det gjaldt, men tankane rundt demokrati, kongen som skal tena sitt folk, har sin base i middelalderen.

Eit døme på dette er at ein slutta å drepa kongar, fortel Bagge. Lenge var det normalt at kongar døydde i slag eller vart drepne på anna valdeleg vis. Drapet på den danske kongen Erik Klipping, som vart stukken til døde med femtiseks knivstikk, er eit vendepunkt.  I motsetning til tidligare sto ikkje drapsmennene frem og innsette ein annan konge. Erik var den nest siste kongen som vart myrda i Skandinavia; den siste var Gustav III i Sverige i 1792.

- Kongane i Europa vart sett på som heilage og ukrenkjelege, men det var mogeleg å vera i opposisjon og inngå i ein dialog med kongane. Det skapte ein tryggleiksventil, og vald og drap vart ikkje så viktig å ty til for å oppnå endringar, seier Bagge.  

Fortset forskinga

Ved årsskiftet går statusen som Senter for framifrå forsking ut. Senter for Midelalderstudier vert ikkje eit senter i samme form som dei siste ti åra, men Bagge er sikker på at det no er oppretta eit godt miljø rundt forskinga. Han er også nøgd med den nasjonale statusen på middelalderforskinga.

- Generelt har me sett ei god rekruttering, både i Oslo og i Bergen, seier han.

Det å sjå nærare på fortida kan gi oss betre innsikt i vår eiga samtid og samfunn, trur Bagge.

- Det kan få oss til å tenkja over om vi tar vårt eige samfunn for gitt og visa oss kor eksepsjonelle vi eigentleg er. Men ikkje alt i fortida er like interessant. For meg er det viktigare å studera menneske, kultur og normar i fortiden, ikkje nødvendigvis å diskutera datoen for slaget på Stiklestad.