Hjem
Aktuelt
Studentrekruttering

På turné for UiB

I kappløpet om framtidige studentar deltek UiB på 12 utdanningsmesser og utallige skulebesøk.

Hovedinnhold

Cathrine Wirsching er ein av fleire studentar som fortel om UiB til nyfikne elevar. Ho er 23 år gamal, student på jus og er på skulebesøk i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i heile januar.

- Eg er stolt av UiB og det studietilbodet me har. Og eg er glad i å snakka, er forklaringa hennar på at ho søkte om å verta ambassadør for UiB.

Byuniversitetet

Dei siste to vekene har ho og andre studentar vore i heile Sunnfjord, og er no på veg til Stryn. Seinare står nabofylket for tur. Både store og små skular får besøk.

- Nokre stader møter me ein klasse på 20, andre ein sal med 300 elevar. Det vert nokon tusen elevar som møter oss i løpet av ein sånn turné. Eg fortel mellom anna om studietilboda våre og forskinga ein driv med ved UiB. Eg legg særleg vekt på det som skil UiB frå andre universitet, at me er eit byuniversitet og at studentane vert ein aktiv del av byen me bur i, seier Wirsching.

Ambassadørar frå UiB er i utdanningsmesser i tolv byar frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør denne vinteren, i tillegg til alle skulebesøka. På messene er både studentar og studierettleiarar med, på skulebesøka er det berre studentar som deltek.

- Når breitt

Marianne Huse ved Studieadministrativ avdeling ser på messene og skulebesøka som ein god sjanse til å nå breitt ut.

- Me deltek på fleire messer no enn før. Det er ein god måte å møta elevane på, seier ho.

Huse er svært nøgd med ambassadørane som fortel om UiB og studietilboda.

- Me bruker tid på å finna dei rette ambassadørane. Dei må vera opptekne av studier, og visa at dei har kunnskapar om UiB. Det er mykje ein skal vita om UiB, me har eit enormt studietilbod å halda greie på, seier Huse.

Rekrutterer på Facebook

Dei siste åra har Studieadministrativ avdeling trappa ned annonseringa i papiraviser.

- Det er vanskeleg å vita kor godt me når ut. Når me annonserer no er det stort sett på nett, stader der der me veit me treffer målgruppa.

Sosiale medier er definitivt ein stad der ein treff målgruppa, på Flickr, Facebook og Twitter.

- Me er ikkje så pågåande, og vil synleggjera studiemiljøa ved UiB. Det er det ein studentmedarbeidar som gjer. mange tek kontakt på dei sosiale media me nyttar, og det kjem berre til å auka på utover våren. Unge er vane med å kommunisera på desse kanalane, og det er også ein fin måte for oss å koma i kontakt med dei, seier Huse.

Spør om alt

Dei potensielle UiB-studentane spør om det meste, om studia og om det er vanskeleg å koma inn. Ikkje minst er dei opptekne av om dei får vener og nettverk i ein ukjend by, i følgje Wirsching.

- Eg forsikrar dei om at dei kjem til å få vener! Eg fortel om kor godt tilrettelagt det er for å verta kjend med folk, til dømes gjennom idrettslag og organisasjonar. Er ein engasjert får ein raskt både nettverk og vener, seier ho.