Hjem
Aktuelt
Lauritz Meltzer

Middag med Meltzer

Han elska å sjå pengane yngla, heiter det om Lauritz Meltzer. Når 150-åringen vert feira kjem interessa hans ein framifrå formidlar og to unge forskarar til gode.

Hovedinnhold

I kveld skal Lauritz P. Meltzer sin 150-årsdag feirast med høgtideleg og statuttfesta middag. Ikkje minst vert Meltzerprisane delt ut: Meltzerfondets pris for fremragende forskningsformidling og Pris for yngre forskere.

Men kven var eigentleg mannen som gav UiB fondsmidlane som kjem forskarar og formidlarar til gode?

Meltzer var fødd på Lillehammer 8. mars 1861 og vaks opp i Fredrikstad. Han ætta frå Bergen og levde det meste av livet der. Det var her han samla formua som seinare skulle berika Universitetet i Bergen.

Pengebingen vaks

Meltzer var utdanna militær og ingeniør, men involverte seg i fleire forretningsforetak, tok initiativet til byggingja av Konsertpaléet, og han var i mange år hovedaksjonær i den bergenske Morgenavisen.

”Han levde ensomt og førte et nøysomt liv. Og det vokste i pengebingen” skriv Ørjar Øyen på Meltzerfondet sine heimesider.

Då Meltzer skreiv testamentet sitt var han ein svært rik mann. I tillegg til forretningssansen hadde han ei stor interesse for forsking og vitskap. I testamentet lova han vekk mesteparten av formua si til eit fond til beste for eit bergensk universitetet. Då han døde i 1943 vart eit fond på fem millionar kroner oppretta, ein enorm sum i dei dagar.

Statuttfesta middag

Pengegåva vart gitt med vilkår: eit universitet skulle etablerast før ti år var gått. Om så ikkje skjedde skulle pengane gå til Fredrikstad. Om dette sette fart i opprettinga av Universitetet i Bergen er ikkje kjent, men i 1946 var altså universitetet skipa.

Det er også statuttfesta at det skal etast middag til testators ære på bursdagen hans.

”Ja, ja, ” sier ondskapsfulle tunger. ”Det gjør opp for alle de måltider den gamle selv unnlot å spandere i levende live.” Dermed har de fått vridd av seg hva som egentlig var en offentlig hemmelighet i samtiden: At påholdenhet var et fremtredende trekk ved den gavmilde ungkaren” kan ein lesa i boka Byuniversitetet på Berget, Flanerende ferd fra Florida til dragefjellet av Carl O. Gram Gjesdal.

Gjerrig og gavmild

Eit døme på at Meltzer ikkje var den som sløste med pengane, men kunne slå på stortromma om det gjaldt er historia om korleis han vart inspirerert til å kjøpa opp Morgenavisen.

Meltzer budde i andre etasje i ein gammel patrisiervilla på Dokken. Naboen i første etasje abonnerte på Morgenavisen, men la merke til at ho alltid vart seint levert. Avisbudet lova derimot at han leverte avisa tidlig.

Tidlig ein morgon stilte naboen seg på vakt. Like etter at avisa var på plass, kom det ein mann luskande ned trappa. Han nappa avisen og var på vei opp trappen igjen, då naboen i første reiv opp døra og ropte:

- Nei, vet De hva, Meltzer, De har jammen råd til å kjøpe Morgenavisen selv!

Og slik vart det, Lauritz Meltzer kjøpte opp heile Morgenavisen.

Prisane vert delt ut i kveld, den 8. mars, under den årlege Meltzermiddagen.