Hjem

Aktuelt

Nytt bygg

Opna Odontologibygget

Onsdag opna det nye Odontologibygget ved Universitetet i Bergen. Det 15 000 kvadratmeter store bygget vil verta viktig for både forsking og den nasjonale tannhelsetenesta.

– Dette bygget er eit svært etterlengta og høgt verdsett bygg. Det vil tyda mykje for den odontologiske forskinga, utdanninga utdanninga og klinikkverksemda, for det norske odontologimiljøet og for tannhelsetenesta i landet, sa rektor ved UiB, Sigmund Grønmo, ved opninga av det nye bygget.

Statsråd Kristin Halvorsen overleverte nøklane til rektor. Halvorsen la også vekt på den nasjonale tydinga av bygget.

– Det er nok fleire enn meg som har pussa tennene ekstra godt i dag, for i dag skal me smila ekstra kvitt og breitt for eit bygg som vil bety mykje for nasjonen, sa Halvorsen

Ho skildra det nye bygget som eitt av dei mest utvikla i Europa. 

– Bygget er eit realt løft for tannhelseutdanninga i Noreg, sa statsråden. 

Plass til 400 pasientar

Det nye odontologibygget er levert av Statsbygg, er på 15 000 kvadratmeter og har kosta 853 millionar kroner. Bygget i Årstadveien skal husa 286 studenter og 260 tilsette og vil kvar dag kunna ta imot 400 pasientar. Det inneheld også ein klinikk for Hordaland fylkeskommune si offentlige tannhelseteneste.

Første og andre etasje er sett av til klinikkar, auditorie og seminarrom, medan tredje og fjerde etasje skal husa administrasjonen. Garasjar og tekniske rom ligg to etasjar under bakkenivå.

Nordre del av første etasje skal ha ein tannlegevakt i regi av den offentlige tannhelsetenesta. 

Takka for innsatsen

Eit nytt bygg har vore planlagt lenge. I 2008 vart det sett av pengar i statsbudsjettet til et nytt Odontologibygg på Haukeland., og rivinga av det gamle byrja i 2009. Rektor Grønmo takka i si tale tidlegare statsråd Tora Aasland for å ha løyva pengane i det første statsbudsjettet ho hadde ansvar for.  Han takka også Kristin Halvorsen for hennar innsats for det nye bygget.

–  Oppstartsløyvinga i 2008 var basert på din medverknad som dåverande finansminister. Det er ei stor glede for oss at du no som kunnskapsminister overrekkjer det ferdige bygget til universitetet, sa han.