Hjem
Aktuelt
Studiemiljø

Klemmer til på UiB

Tysdag fekk førelesarar og professorar positiv merksemd frå studentane sinep på Klem ein professor-dagen.

Hovedinnhold

- Me vil visa at studentane set pris på førelesarane sine, og oppmuntra studentane til å nærma seg sine førelesarar, seier Tine Blomfeldt til uib.no.

Som leiar i Studentparlamentet oppfordrer ho studentar til nærkontakt med førelesarane på tysdag. I samarbeid med Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo og Studenttinget på NTNU vert "Klem ein professor"-dagen arrangert den 8. februar. Målet er at avstanden mellom dei vitenskapeleg tilsette og studentane skal minke.

 - Utgangspunktet er ei undersøkjing gjort i Oslo, som syner at fire av fem bachelorstudentar aldri har snakka med førelesaren sin. Det legg eit dårlig utgangspunkt for forskingsbasisen vi meiner utdanninga bør ha, seier Blomfeldt.

 Studentparlamenta på dei tre universiteta har oppretta Klem en professor-dagen på Facebook for å formidla klemmetiltaket. I skrivande stund har 1200 meldt seg på. Studentane deler sine beste klemmebilete, og studentparlamenta skal premiera det beste biletet med ein iPad. Den som lastar opp flest bilete får også premie.

 Blomfeldt har alt klemt sin favorittførelesar, Torill Bull.

- Ho er eit godt døme på ein førelesar som oppfordrar til kontakt mellom studentar og førelesarar. Ho tek studentane på alvor og skapar ein god fagleg samtale. Det var ho som vekte mitt faglege engasjement, seier Blomfeldt.