Hjem
Aktuelt

Startskotet avfyrt for kreftsenter

Kreftforskarar frå inn- og utland samla seg i Bergen 30.mai for å markere opninga av Centre for Cancer Biomarkers. Senteret har status som framifrå forskningssenter.

–Dette er framifrå forskingsmiljø med høge ambisjonar, som Forskningsrådet...
–Dette er framifrå forskingsmiljø med høge ambisjonar, som Forskningsrådet har store forventingar til at skal sette tydelige spor etter seg, seier administrerende direktør Arvid Hallén i Norges forskningsråd. Her gir han beviset for SFF-statusen til Lars Akslen, senterleiar og primus motor ved Centre for Cancer Biomarkers.
Foto/ill.:
Jørgen Barth

Hovedinnhold

Ambisjonane er høge for Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO).  Senterleiar og primus motor ved Centre for Cancer Biomarkers, Lars Akslen, er klar og tydeleg.  –Vi vil stoppe kreft, seier han.

-Senteret vil ha eit sterkt fokus på utdanning av framtidas kreftforskarar, og vi skal etablere ein eigen forskarskule for kreftforsking ved Universitetet i Bergen. Internasjonal inspirasjon og utveksling vil vere ein viktig del av aktiviteten. Vi skal vere i internasjonal toppklasse, og vi skal gjere det vi kan for å redde kreftpasientar, seier Akslen.

Framifrå forsking

Det var rekordmange som søkte Forskingsrådet om status som «framifrå forskingssenter» (SFF) i fjor. Akslen og forskarteamet hans kom gjennom det trange nålauget, og vart ein av 13 senter som fekk SSF-status. CCBIO får 17 millionar kroner kvart år i inntil ti år frå Forskningsrådet.

–Dette er framifrå forskingsmiljø med høge ambisjonar, som Forskningsrådet har store forventingar til at skal sette tydelige spor etter seg, seier administrerende direktør Arvid Hallén i Norges forskningsråd.

Legg kreftsvulstar i dvale

Ved CCBIO forskar dei på kreftsvulstane sine oppvekstmiljø. Ved hjelp av avanserte teknikkar og biomarkørar vil forskarane plukke ut og stoppe dei farlege «psykopatcellene» - dei ondarta og aggressive kreftcellene som spreier seg.  

-I framtida vil kreftbehandlinga bli meir skreddarsydd, tilpassa den enkelte pasient, seier Akslen.

-Det betyr rett behandling til rett tid, mindre biverknader og betre prognoser. Det er dette vi jobbar for. 

Kreftforskarane ved CCBIO har allereie klart å finne metodar for å legge aggressive kreftsvulstar i dvale, og på den måten hindre spreiing.

Omkring 100 tilsette i ni forskingsgrupper kjem til å jobbe ved CCBIO. Dei forskar både på brystkreft, prostatakreft, føflekkreft og fleire former for gynekologisk kreft, som for eksempel eggstokkreft og livmorhalskreft. Forskarane samarbeider med internasjonale forskarar i toppklasse, til dømes ved Harvard.

- Dette er berre byrjinga, seier senterleiar Lars Akslen.