Hjem
Aktuelt
POLITIKK

Kvoter gjev kvinneeksplosjon

Som det fyrste landet nokon sinne kunne Rwanda i 2008 fylle nasjonalforsamlinga med eit fleirtal kvinner. Og resten av Afrika følgjer etter.

Illustrasjonsfoto brukt ifm sak Kvoter gjev kvinneeksplosjon fra Hubro 01/2013
Illustrasjonsfoto brukt ifm sak Kvoter gjev kvinneeksplosjon fra Hubro 01/2013
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

I tida mellom 10. og 14. juni vert Stemmerettsjubileet feira ved UiB. For fullt program, sjå eigne nettsider om dette.

Kva er forholdet mellom kvinnerepresentasjon, kvotering og demokrati i Afrika? Dette er blant spørsmåla doktorgradsstipendiat Vibeke Wang og postdoktor Ragnhild Louise Muriaas på Institutt for samanliknande politikk prøver å finne svar på.

– Dei to siste tiår har vi vore vitne til ein kvinneeksplosjon i Afrika, seier Muriaas. – Dersom vi til dømes ser på tal frå Sør Afrika, ser vi at 1,7 prosent av folkevalde var kvinner under apartheidregimet medan det no er 42,3 prosent kvinner.

På verdsbasis har det vore ein stor auke i talet på kvinner som blir valde inn i lovgivande forsamlingar det siste tiåret. Afrika sør for Sahara er den regionen som har raskast og mest formidabel vekst.

– I tillegg til Rwanda på fyrsteplass, ligg land som Seychellene, Mosambik, Senegal, Sør Afrika, Tanzania og Uganda på topp 21 i verda når det gjeld talet på kvinnelege representantar, fortel Wang. Til samanlikning ligg Noreg på åttandeplass på lista over kvinnerepresentasjon i den lovgivande forsamlinga.

I følgje dei to forskarane kan mykje av auka forklarast med éin enkeltfaktor, nemleg kvotering. Kvotene vert nytta uavhengig av regimeform, og dei ulike delane av Afrika har ulike typar kvoteordningar (sjå fakta).

Fleire internasjonale og regionale organisasjonar har som målsetting å auke talet på kvinner som vert representert på nasjonalt nivå. Blant desse er AU (Den Afrikanske unionen) og SADC (Southern African Development Community), som har jobba for eit mål om 50/50-representasjon mellom anna i Malawi og Zambia. Men fører fleire kvinner til meir demokrati?

– Mange tek utgangspunkt i at demokrati og kvinnerepresentasjon går hand i hand. Her i Vesten fekk kvinnene først stemmerett, og seinare har vi kjempa oss fram til representasjon i parlament, og til slutt inn i regjering. Dette er ein stegvis prosess mot demokrati. I Afrika ser vi derimot ingen naturleg samanheng mellom demokrati og kvinnerepresentasjon, fortel Muriaas

– Faktisk ser vi at mange av landa med høgst kvinnerepresentasjon vert klassifiserte som autoritære eller halvautoritære, legg Wang til.

Eit gode for demokratiet

Forskarane fortel at noko av bakgrunnen for det generelle ønsket om å få fleire kvinner inn er at det vert sett på som eit gode for demokratiet. Tanken er at dess fleire kvinner som blir valde inn, dess fleire stemmer vert høyrde. Nyare forsking syner likevel at det å få kvinner inn i representative organ i liten grad bidreg til å utvide politiske og sivile rettar til dei delane av befolkninga som til no har vorte lite høyrde.

– Dette vert sett på som problematisk, fordi mange meiner at ei demokratisk forankring er viktig for at kvoteringsordninga skal gi meining. I Uganda kan vi til dømes sjå at makthavarane nyttar kvoteringsmekanismen for å oppnå eiga vinning, forklarar Wang.

Ho fortel at biletet i Uganda likevel er meir komplekst enn som så, fordi kvoteringsordninga har vorte kjempa fram av grasrotinteresser og kvinner som sjølve har interesse av at ordninga vert sett i verk. I doktoravhandlinga prøver ho å måle effekten av kvinnerepresentasjon i Uganda på ulike måtar. Ein metode er å undersøke lovgiving i kvinners interesse.

Symbolsk representasjon

– I parlamentsperioden frå 2006 til 2011 ser vi ei utvikling der det har vorte vedteke fleire lover som er viktige for kvinner. Dette er både interessant og uventa. Noko av forklaringa på dette er ein godt fungerande kvinneorganisasjon som samlar kvinner på tvers av partia i parlamentet.

– Likevel er det kanskje når det gjeld lovgiving at det står dårlegast til, understrekar Muriaas. – Måler ein derimot i andre faktorar, som kvinners innverknad på den parlamentariske kulturen, eller om kvinnesaker vert debattert, vert resultatet eit heilt anna.

Forskinga på kvinnerepresentasjon legg meir og meir vekt på å sjå på det som kan kallast «symbolsk representasjon». Her ser ein nærare på effekten av det å ha kvinner i det offentlege rom.

– Kvinner har vorte meir synlege i leiande posisjonar. Den symbolske representasjonseffekten er vanskelegare å måle, men den er viktig, seier Wang.

– Det er òg viktig å understreke at auken i kvinnerepresentasjon ikkje har skjedd berre fordi FN og andre internasjonale organ presser på. Svært mykje skjer takka vere lokale prosessar. Både kvinner og mange menn ser på dette som ei heilt naturleg utvikling, avsluttar Muriaas.

Denne artikkelen er på trykk i Hubro 01/2013.Hubro er UiB sitt magasin for forsking og utdanning. Du kan abonnere gratis på Hubro ved å sende oss ein e-post.