Hjem
Aktuelt
Konferanse

Italiensk mediemakt

- Eg skal ikkje røra lommebøkene dykkar, sa Silvio Berlusconi til det italienske folket. Det politiske språket i Italia er blitt overfladisk og forenkla, meiner Marco Gargiulo, forskar ved UiB.

Berlusconi si raske oppsummering av sin økonomiske politikk fekk seinare konsekvensar, men er også eit uttrykk for korleis den politiske retorikken i Italia har utvikla seg, meiner Marco Gargiulo, førsteamanuensis i italiensk lingvistikk ved Universitetet i Bergen.  17. til 19. november har han invitert forskarar til konferansen L’Italia e i mass-media, som tek opp korleis det italienske språket vert brukt i presse, på nettet, i reklame og tv.

Sjå heile programmet her (pdf).

Media si politiske makt er sterk i Italia,  og er blitt meir og meir prega av enkle bodskap som liknar Berlusconi sin lovnad om å lata lommene til italienarane vera i fred.

- Lega Nord sin leiar bruker også eit svært ubehøvla språk, og framstiller seg på eit macho vis. Retorikken har endra seg, og ikkje til det betre, meiner Gargiulo.

TV som nasjonsbyggjar

Ein annan del av konferansen er via språket i italiensk fjernsyn.

Gargiulo peiker på at Italia ikkje alltid har vore ein nasjon, men vart samla til ein nasjon i 1861. Dei tidlegare nasjonane hadde svært ulike dialektar og språk, og det vart bestemt at det nasjonale språket skulle vera  det litterære språket italiensk. Mange fortsette likevel å snakka sine lokale dialektar og lærte det me kjenner som italiensk i dag som eit andrespråk. Då fjernsynet kom på 1950-talet spelte det ei viktig rolle i å spre det italienske språket til folk flest.

- TV vart ein viktig  lærar og italiensk overtok som det vanligaste språket.  Det var med å sameina landet. Sendingane på TV var svært enkle i sine bodskap og skulle vera utdannande. Det sto i skarp motsetning til dei trykte media. Avisene var avanserte og meir ”high brow”, seier Gargiulo.

Italiensk på internett

Konferansen fokuserer i tillegg på korleis internett påverker det italienske språket.

- Tidlegare hadde ein strenge skiljer mellom skriftleg og muntleg språk. No er det slik at ein skriv som ein snakkar når ein er i dialog på nettet. Internett har også påverka nyheitsmedia, ein har eit auka krav til stadige endringar. Eg trur dette er universelt, og at det til dømes gjeld det norske språket også, seier han.

Konferansen er i all hovudsak på italiensk, men opningsføredraget Grammar and Gender in the Workplace er på engelsk, samt innlegget Attitudes towards the use of Italian in advertising directed at Italian-English bilinguals.

- Me ønskjer å vise at me har eit aktivt litteratur- og språkstudie ved italiensk på UiB, og vil visa kor mykje italiensk kultur har tydd for den europeiske kulturen. Italia er så mykje meir enn berre Berlusconi, avslutter Gargiulo.