Hjem
Aktuelt
Christiekonferansen 2012

Akademia møter samfunnet

Årets Christiekonferanse står for døra. Onsdag skal Grieghallen fyllast av samtalar inspirerte av paneldebatt, innlegg og føredrag.

Onsdag i neste veke går Christiekonferansen av stabelen i Grieghallen, Leiar...
Onsdag i neste veke går Christiekonferansen av stabelen i Grieghallen, Leiar av programkomiteen, Anne Lise Fimreite, ser fram til dialogen mellom akademia og samfunnet.
Foto/ill.:
Jens Helleland Ådnanes

Hovedinnhold

– Vi står ovafor mange og store utfordringar, men vi har aldri hatt så mange muligheiter til å løysa dei. Det trur eg vil koma tydelig fram i den første sesjonen på programmet, seier Anne Lise Fimreite, leiar for programkomitéen for Christiekonferansen.

Her kan du sjå programmet for Christiekonferansen, som finn stad i Grieghallen den 25 april.

Mobilbrukararar kan gå inn på uib.no/christie

Helge Drange og Thorkild Tylleskär kjem til å halda dei første innleiingane, om høvesvis klimautviklinga og korleis teknologi kan betra global helse for mødre og barn. I den neste sesjonen skal krav til kompetanse for å løysa utfordringar drøftast. 

Ut i verda

Programmet og Christiekonferansen tar oss med ut i verda denne gongen, og vil reflektera over universiteta si rolle i dei framtidige globale utfordringane.

Det internasjonale fokuset vart inspirert av ein av fjorårets gjestar, næringsminister Trond Giske. Han oppmoda i sitt innlegg om at Universitetet i Bergen måtte sjå ut i verda, og ikkje nødvendigvis mot hovudstaden.

– Og det har vi gjort. Det er ikkje slik at det er berre USA og Europa som er dei store aktørane i verda lenger. BRIC-landa er til dømes mektige økonomiar som vil få mykje å seia i framtida. Også i forskingssamanheng er land som Kina, India og Brasil store samarbeidspartnerar for norske forskarar, seier Fimreite. 

Viser fram det beste

Det internasjonale perspektivet gjer at ein mellom andre har invitert utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Også vrimlearealet, ein viktig del av konferansen der møtet mellom folk er det sentrale, er prega av å sjå utover norske grenser. Fakulteta ved UiB skal presentera det dei tykkjer er det beste og viktigaste dei har å by på, til dømes skal Det matematisk-naturvitskaplege fakultet visa fram si energiforsking. Universitetsmuseet i Bergen og  Universitetsbiblioteket er også representerte i vrimlearealet, det same gjeld Bergen Ressurssenter, Bergen Teknologioverføring, CMI og UiB Global.

– Vi har jobba aktivt for at prosjekta som vert viste fram tyder noko for omverda og korleis vi skal løysa problema vi tar opp, seier Fimreite.

Dei to tidlegare konferansane har vore store suksessar, med full sal og nøgde deltakarar.

– Eg håper det er ideen bak – ein stad der akademia møter samfunnet – som er nøkkelen. Eg meiner vi har funne fram ein spanande møteplass, avslutter Fimreite.