Hjem
Aktuelt
Forunderleg forsking

Kva er det inni juletreet?

Julegrana di er pynta med kuler, ljos og glitter. Inni treet ligg 25.000 insekt, midd og edderkoppar og søv.

Insekter i juletreet
Insekter i juletreet
Foto/ill.:
Illustrasjon: Tank/Jens K. Styve

– Det er ein masse insekt og dyr som gøymer seg i juletre; spretthalar, støvlus, midd, møll og nokre edderkoppar. Eg har høyrt at det er funne opptil 25.000 individ i somme tre i mindre prosjekt som er gjort på dette. Om ein dunkar av juletreet over eit kvitt laken før ein hiv det ut, finn ein nok ein del småkryp, ja, seier Bjarte Jordal, førsteamanuensis ved Universitetsmuseet i Bergen. Han er spesialist på insekt.

Korleis hamnar dyra i treet?

– Dei går i dvale for vinteren eller hibernerer, som me kallar det på fagspråket. Då tømer dei gjerne kroppen for vatn og produserer frysevæske og er heilt inaktive. Men dei vaknar til live att når dei og juletreet kjem inn i varmen. Alt er basert på stimuli. Når dei kjem inn i varmen og ljoset vaknar dei, så trur dei at det er vår.

Og då gjer dei seg til å vandra rundt i stova, eller?

– Neidå, dei held seg i treet, vil eg tru. Det er veldig tørt i både juletre og hus, og dei fleste insekta lever ikkje av treet, berre på det. Dei kan ikkje leva på naturen inne i stovene våre, så dei tørkar ganske raskt ut og døyr. Insekta og dyra utgjer absolutt ikkje nokon fare for skade på verken folk eller inventar. Om folk er redde for allergiske reaksjonar trur eg nok ikkje det er nokon stor fare for det. Men det er klart, er det store mengder midd i eit tre kan dei som er svært allergiske reagera.

Er det like mange dyr i alle juletre?

– Det varierer veldig, både reine tilfeldigheiter og kva type tre det er spelar ei rolle. Dei naturlege trea ein høgg i eigen skog har mest dyr på seg, medan edelgran og andre tretypar som er dyrka spesielt for å seljast som juletre har mindre. Det er nok ekstra mykje i norsk furu, og einerbærbusken har ein heilt eigen fauna.

Kan ein sjå insekta og dyra på treet?

– Nei, dei er heilt usynlege og gøymer seg godt, sjølv om ein sikkert kan få auge på ein og annan edderkopp. Skal ein få auge på dei må ein bruka lakenmetoden.

Er det flått i juletreet? I tilfelle kan jo Dagbladet få seg endå eit flåttoppslag før jul.

– Ja, det kan det vera, det er noko Folkehelsa har sett på. Deira undersøkjingar tyder på at det er rundt tre rapporterte flått-tilfelle i juletre kvart år. Det som oftast skjer er at hunden har lagt seg til under treet og fått flått. Men sjansane for flåttbitt er heilt minimale, bikkja treng jo ikkje få lov å liggja under treet heller. Flåtten er som regel i dvale når ein tek inn treet og daud når ein tek det ut, så faren er som sagt minimal.

No er jo ikkje insekta noko særleg til plage eller fare, ser det ut til, men kva skal folk gjera om dei vil ha eit tre med minst mogeleg dyr?

– Då vil mitt beste tips vera å kjøpa eit edeltre dyrka i Noreg, det vil ha minst fauna. Elles kan ein ikkje spyla eller vaska treet fritt for insekt, då vil berre treet døy. Men det er uansett ingenting å frykta. Ein kan jo også tenkja på at det er dyr og insekt på potteplanter og liknande ein tek i hus, til dømes fluger.

Trur du folk veit om at det er ein masse dyr i juletrea deira?

– Nei, det trur eg ikkje, insekta og dyra er jo heilt usynlege. Eg trur nok det er ein trend at folk ikkje skjønar seg heilt på naturen. Når ein tar eit tre inn i heimen sin, tek ein med seg naturen inn i stova. Samstundes er kan hende folk flest i ferd med å fjerna seg meir og meir frå naturen.

Artikkelen er hentet fra Universitetet i Bergens forskningsmagasin Hubro. Les bladet på nett, eller tegn deg gratis som abonnent ved å sende oss en e-post.