Hjem
Aktuelt
Doktorpromosjon

Rekordmange disputasar i 2010

Aldri har så mange avlagt doktorgraden ved Universitetet i Bergen. 111 doktorar skal heidrast i Håkonshallen 28. januar.

Ingunn Vie Skare meiner UiB har lukkast med å skapa ein høgtideleg og vakker...
Ingunn Vie Skare meiner UiB har lukkast med å skapa ein høgtideleg og vakker seremoni rundt doktorpromosjonen i Håkonshallen. Dette biletet er frå 2008.
Foto/ill.:
Bjørn Erik Larsen

Hovedinnhold

I løpet av 2010 har heile 237 personar levert si doktoravhandling ved Universitetet i Bergen, 111 av dei det siste halvåret. Det er ny rekord og 14 fleire enn i fjor, då 223 avla doktorgraden. I 2008 låg talet på 233.

- Dette er nok eit uttrykk for at me lukkast med forskarutdanninga vår, seier Sigmund Grønmo, rektor ved UiB, til uib.no.

Han peiker på at forskarutdanninga er godt integrert i forskingsmiljøa ved Universitetet.

- I tillegg viser auken at me har organisert oss godt med ein eigen handlingsplan for forskarutdanninga. Den sikrar det kollektive ansvaret for gjennomføringa av doktorgradsløpet, seier Grønmo.

Undersøkjingar syner at UiB er det universitetet i landet som gjer det best på både gjennomføringsgrad og – tid.

Med dei 237 som har teke doktorgrad i år er UiB ikkje langt unna målet på 250 disputasar per år.

- Det håpar eg me når neste år, seier rektor.

Med-odont på doktortoppen

I 2010 har 93 personar teke doktorgraden ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, som dermed har flest doktorgrader i år.

På Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har 77 personar teke doktorgraden, ved det samfunnsvitskaplege 21, ved Det psykologiske fakultet 21, Det humanistiske fakultet 19, og Det juridiske 7.

Nina Langeland, dekan ved Det medisinsk-odontologiske fakultet er nøgd med dei høge tala, men er likevel oppteken at det ikkje berre skal handla om kvantitet.

- Me må vera opptekne av kvaliteteten, og ikkje få vaksesmerter. Me har ei god oppfølgjing av kandidatane, og har til dømes innført midtveisevaluering.

Ho trur at forskarskular og forskingsgrupper speler ei viktig rolle for at talet på kandidatar går opp.

- Det at ein kjem inn i eit forskingsmiljø sørgjer for at fleire fullfører.

Kursar rettleiarane

Det har også vore viktig å kursa dei som skal rettleia kandidatane.

- Me må sørgja for at både rettleiarane og kandidatane veit kva som er forventa av dei.

61 av dei 93 som tok doktorgrad ved Det medisinsk-odontologiske fakultet er kvinner.

- Tidlegare har me lege på omtrent 50 prosents fordeling kjønnsmessig. Om det er omtrent likt tal på kvinner og menn som tek doktorgrad tyder det at evnene er likt fordelte. Då har me fått dei beste, trur Langeland.

Ho ser fram til seremonien i Håkonshallen den 28. januar.

- Det er ein flott og høgtideleg seremoni. Eg trur doktorandane set stor pris på å få den æra, seier ho.

Eigen fanfare

111 doktorandar skal altså heidrast i Håkonshallen. Med deira gjester og andre inviterte vert hallen nesten full.

Ingunn Vie Skare, førstekonsulent ved Universitetsleiinga, har ansvaret for at alt går som det skal, og garanterer at alle skal få plass. Ho trur at seremonien dei siste åra har fått ein høgare status.

- For ei tid sidan kunne det henda at doktorandar valde å ikkje koma på sin eigen promosjon. No ser me at frammøteprosenten er svært høg. Eg trur alle som deltek er samde om at det er eit fint arrangement. Det er høgtideleg, med vakker musikk, gode ord og ein eigenkomponert fanfare som vart framført første gong no i august. Samstundes er det ei meir uformell mottaking etter seremonien,som eg trur folk likar godt. Eg trur me har truffe godt med korleis me har lagt opp seremonien, seier Vie Skare.

Rektor Sigmund Grønmo skal tradisjonen tru dela ut diplom til doktorandane.

- Det gleder eg meg veldig til. Seremonien er ei av dei største hendingane ved UiB. Det er fint å møta dei som har disputert og familiane deira, seier Grønmo.