Nansens akademiske springbrett
Museumsarbeid låg ikkje i blodet til Fridtjof Nansen. Likevel spelte han ei viktig rolle for Bergen Museums utvikling.
Hovedinnhold
Då Fridtjof Nansen var 21 år, vart han tilsett som konservator ved Bergen Museum. Det var overlege og zoolog Daniel Cornelius Danielssen som tilsette Nansen i 1882. Danielssen var oppteken av å dra til unge, profesjonelle forskarar for å etablere ein stab av heiltidstilsette vitskapsfolk ved museet. Det var ikkje heilt lett for forskingsmiljøet i Bergen å halde på dyktige folk, til det var konkurransen for hard mot høgare lønningar og større forskingsmiljø både utanlands og ved Universitetet i Christiania, som då var Noregs einaste universitet.
Den første nevrobiologen
Ved Bergen Museum byrja Nansen å arbeide med oppbygginga av nervesystemet til lågareståande virveldyr. Seks år seinare vart han den første i Noreg med doktorgrad innan nevrobiologi. I byrjinga av mai 1888 rakk han såvidt å få unna disputasen sin, før han fire dagar seinare drog på sin første ekspedisjon til Grønland.
Det var i to vitskaplege retningar den vitskaplege interessa til Fridjtof Nansen delte seg: Polarforsking og anatomiske studie av nervesystemet. Avhandlinga hans om oppbygginga av sentralnervesystemet var forut for si tid, ifølgje Store Norske Leksikon.
Sjølv om Danielssen ved Bergen Museum prøvde å byggje opp ein stab med vitskapsfolk på heiltid, klarte han ikkje å halde på Nansen. Berre tre år etter Nansen vart tilsett ved Museet, sa han opp stillinga si som konservator. Han ønska å vie seg fullt og heilt til forskinga. Nansen hadde heller ikkje interesse for møysommeleg museumsarbeid, slik Nils Roll-Hansen skriv i Universitetet i Bergens historie, vart Nansen etter kvart ”nærmest allergisk mot museer”.
Danielssen såg potensialet hos Nansen og gav han svært frie tøyler. Då Nansen ville seie opp, tilbaud Danielssen han eit års permisjon med løn.
Idé frå Napoli til Bergen
Interessa for nevroanatomi brakte Nansen sørover Europa, til den biologiske stasjonen i Napoli der verdseliten innan zoologisk forsking samla seg kvar sommar. Våren 1886 drog den unge vitskapsmannen nedover Europa. Her vitja han Danielssen og Armauer Hansen sine vitskaplege kollegaer i Berlin, Leipzig, Frankfurt og Heidelberg.
Då Nansen kom heim frå Sør-Europa, var han svært inspirert av Napolis biologiske stasjon. Han foreslo også at ein måtte etablere ein liknande stasjon i Noreg, og den meinte han burde ligge i Bergen. Etter nansen sitt syn skulle den biologiske stasjonen stå for ein praktisk nyttig og livsnær vitskap, som var etter hans syn eit motstykke til den gamle deskriptive zoologien ”viss hjem var museene”. Nokre år seinare, i 1892, var det Jørgen Brunchorst som sette denne ideen ut i livet.
Ein finger med i spelet
Sjølv om Nansen forlot Bergen relativt raskt, hadde han framleis ein finger med i spelet ved utviklinga av forskingsbyen Bergen. Då den biologiske stasjonen ved Bergen Museum trong ein ny leiar, foreslo Nansen sin tidlegare student og gode ven Bjørn Helland-Hansen til stillinga. Etter Fram-ferda i 1897 vart Nansen professor i Oslo, og via forskinga si til oseanografien. Det var her han fekk Helland-Hansen som student og medarbeidar.
Helland-Hansen er sjølv ein markant figur i historia til Universitetet i Bergen. det var han som tok initiativet til å få reist Geofysisk institutt på Florida, som mange ser på som ein markant stein på vegen mot universitet. I 1909 gav oseanografane Helland-Hansen og Fridtjof Nansen saman ut storverket: The Norwegian Sea: its physical oceanography based upon Norwegian researches 1900-1904.
Men då Nansen ville hente Helland-Hansen tilbake til professorstilling i Kristiania, reiste frustrasjonen seg i Bergen. Diskusjonen gjekk heilt opp til Stortinget: Helland-Hansen måtte bøye av og bli i Bergen etter vedtak i Stortinget.
Les meir om dette i kommande Hubro: Stjal Hansen frå Nansen
At Helland-Hansen vart verande i Bergen var eit lykketreff, det var han som seinare tok initiativ til å få reist Geofysisk institutt finansiert av innsamlingsaksjon blant Bergens borgarskap.
Saman var det også Fridtjof Nansen og Helland-Hansen som saman reiste til Leibzig og henta den allereie anerkjente vitskapsmannen Vilhelm Bjerknes til Bergen. På Geofysisk institutt bygde Bjerknes opp ”Bergensskolen i meteorologi” – skulen som snudde opp ned på vervarslinga. Helland-Hansen, på si side, overførte Bjerknes sin teori om meteorologi til oseanografi.
På måndag skal rektor Sigmund Grønmo vere med og opne utstillinga ”Arven etter Nansen” på Bryggens museum. Utstilling skal seinare skal på rundtur i Europa, under opningsseminaret måndag er professor Rolf-Birger Pedersen, professor i geologi og leiar for Senter for Geobiologi saman med Atle Nesje, professor i geologi ved UiB og Bjerknessenteret deltakarar i den faglege seminardelen.
2011 er det nasjonale Nansen-Amundsen året.
Kjelder:
Unversitetet i Bergens historie
Store Norske Leksikon, snl.no
Norsk Polarhistorie, polarhistorie.no
Wikipedia
Geofysisk institutt