Hjem
Aktuelt
L. MELTZERS HØYSKOLEFOND

Her er Meltzervinnarane

Årets to Meltzerprisar til yngre forskarar prisar forsking med stor tyding for framtida. Prisen for framifrå forskingsformidling går til ein professor med stort engasjement og ei kunstnarleg tilnærming.

Inga Berre og Charalampos Tzoulis får Meltzerprisen for yngre forkarar av...
Inga Berre og Charalampos Tzoulis får Meltzerprisen for yngre forkarar av universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken og prorektor Berit Rokne.
Foto/ill.:
Thor Brødreskift

Hovedinnhold

Torsdag 8. mars vart Lauritz Meltzer feira med middag, men ikkje minst vart tre prisar delte ut.  To yngre forskarar og ein framifrå formidlar vart heidra med prisar og 100.000 kroner kvar.  Utdelinga skjer kvart år på Meltzer sin fødselsdag. L. Meltzer Høyskolefond står for utdelinga.

I år får Inga Berre og Charalampos Tzoulis fekk prisane for framifrå arbeid for yngre forskarar, Harald Kryvi prisen for framifrå forskingsformidling.

Vil kurere sjukdom

Charalampos Tzoulis er forskar ved Institutt for klinisk medisin og er ein av dei to unge prisvinnarane. 

- Eg forskar på ei form for alvorlig hjerneliding som rammar mitokondriane i cellene. Mitokondriesjukdommen skapar ein svikt i energiproduksjonen i kroppen til dei som er ramma, og går særlig ut over nervesystem og ryggmarg. Pasientane opplever balansesvikt og epilepsi. Mange døyr av sjukdommen, som oppstår i barndommen eller tenåra, seier Tzoulis.

Sjukdommen er recessiv, det vil seia at menneske kan vera berarar av sjukdommen. Når to berarar får barn, er det 25 prosent sjanse for at dei får barn med sjukdommen, fortel Tzoulis. Undersøkjingar frå Vestlandet viser at 1 av 50 er berarar.

Tzoulis har studert sjukdommen inngåande. Det finst ingen kur.

- Målet er sjølvsagt å kunna stoppa dette. Vi ynskjer å kasta ljos på korleis mekanismane fungerer for å utvikla ein kur i framtida.

Han ser på prisen som ei stor ære, og ei anerkjenning av arbeidet han har lagt ned.

- Eg tilbringer mange timar på laben og med pasientane. Det er eit emne det ikkje er mange som forskar på, men dette fortel meg at funna våre er viktige og at dette er fornuftig.

Prissummen på 100.000 kroner skal han investera i forskinga.

- Viktig rollefigur

Inga Berre får også Meltzerpris for yngre forskarar. Dei som har nominert ho til prisen skildrar matematikaren som sjølvstendig og nyskapande gjennom å vera pådrivar for å få geotermisk energi med i norske energisatsingar. Ho vert også skildra som ein viktig rollefigur for kvinnelege studentar i matematikk, og ein person som viser stort fagleg leiarskap og er ein etterspurd formidlar. 

Sjølv var ho overraska over å få prisen.

- Eg kjenner universitetet godt og veit at det er utrulig mange dyktige folk som fortener prisen vel så mykje som meg. Det er ekstra hyggeleg at det er dei rundt meg som har nominert meg, det set eg veldig pris på.

Berre er tilknytta forskingsgruppa for reservoarmekanikk. Gruppa driv grunnleggjande forsking på modellering og utrekningar av straumar i undergrunnen, til dømes olje eller vatn. Berre har levert fleire vesentlege bidrag som har utvikla forskinga, i følgje nominasjonen.

- Som forskar gjer eg svært mykje forskjellig og er ikkje typen som sit åleine og niskriv artiklar. Eg er takksam for svært gode samarbeidspartnerar både på UiB, CMR og UNI CIPR, seier Berre.

Kunstnarleg formidling

Harald Kryvi, professor ved Institutt for biologi, får Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling. Kryvi vert skildra som ein engasjert formidlar av dei som har nominert han. Han har undervist ved UiB i 43 år.

- Det å formidla og undervisa er ein viktig del det indre liv ved ved eit universitet. Det er kjekt å få vita at eg får det til. Ein må finna sin eigen stil, det er viktig, seier prisvinnaren.

Kryvi nyttar berre tavle og kritt i førelesingane sine.

- Eg har også eit mål om at det skal vera litt vittig, studentane skal le minst ein gong i løpet av ei førelesing, seier han. 

Kryvi har ei dr.philos.-grad i haianatomi. Han er professor i zoologisk anatomi ved Institutt for biologi, UiB, der han leier gruppa for vertebratevolusjon og utvikling. Han er også professor II i human anatomi ved Høyskolen i Bergen.

Kryvi har også utmerka seg som vitskapleg formidlar gjennom kunst. Han har laga fleire hundre koparstikk med nøyaktig attgjeving av anatomi. Stikka er trykt opp i kring 7500 eksemplar.

- Dei biologiske strukturane er så vakre. Eg er oppteken av eg skal gjengi dei heilt nøyaktig, men også med litt humor. Eg håpar eg kan spre litt anatomisk kunnskap til folket på den måten, seier han.   

Sjå somme av trykka her.

Det har ikkje vore vanskeleg for han å oppretthalda entusiasmen for faget gjennom meir enn 40 år. 

- Anatomi er utruleg interessant, det syntest eg alt då eg var liten. Ikkje minst er det spanande å sjå studentane skjøna ting, å få vera med på deira intellektuelle prosess og vera til stades når lyset går opp for dei, seier Kryvi.