Hjem
Aktuelt

Vann Idékonkurransen 2011

Kreftforskarane som står bak nye funn rundt ME har vunne BTO og Sparebanken Vests Idékonkurranse 2011.

Bergen Teknologioverføring (BTO) og Sparebanken Vest premierer den beste nye ide eller forskningsprosjekt med kommersielt potensiale frå Bergensregionen. Meininga med prisen er å gje merksemd til forskarar og fagmiljø med spanande forskingsprosjekt og resultat og å inspirere til videre innsats.

Årets vinnarar er professor Olav Mella og forskar og Øystein Fluge frå Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetssjukehus, skriv Sparebanken Vest på sine nettsider.

Prisen vart delt ut under Bergen Næringsråd Årskonferanse, og vinnarane mottar eit stipend frå Sparebanken Vest på 100 000 kroner.

Mella og Fluge la i oktober fram ein forskingsrapport i det medisinske tidsskriftet PLOS one. Dei to legane har utført forsøk på 30 ME-pasientar. Forsøka viser at kreftmedisinen Rituximab har svært god effekt på ME-sjuke.

Mella og Fluge sitt vinnarbidrag skildra rein heilt ny metode for behandling av ME eller kronisk utmattingssyndrom gjennom reduksjon av B-celler, skriv Sparebanken Vest.

Det er søkt patentering av metodikken som representerer eit stort kommersielt potensiale internasjonalt.

- Denne prisen er ei anerkjenning av to framifå forskarar, og deira resultat som har fått merskemd av andre forskarar både nasjonalt og internasjonalt, skriv Sparebanken Vest.