Hjem
Aktuelt
Doktorgrader i tal

Auke i doktorgrader

UiB auka talet på doktorgrader med sju prosent frå 2009 til 2010. Ein av tre doktorandar var utlending.

Hovedinnhold

På landsbasis var 28 prosent av dei som tok doktorgrad ikkje-norske, i følgje nyheitsbladet Doktorgrader i tall frå NIFU. Universitetet i Bergen har til samanlikning 31 prosent doktorandar som ikkje har norsk statsborgarskap. Prosenten ved Universitetet i Oslo (UiO) er på 24 prosent, ved NTNU 26 prosent. UiB er dermed i toppen mellom dei største universiteta i Noreg.

Ved Universitetet for miljø- og biovitskap kom halvparten av dei 59 doktorandane i 2010 utanfrå landets grenser. Utlendingsdelen er også høg mellom dei få som avla doktorgraden ved dei statlege høgskulane.

1200 disputasar

I alt vart det avlagt 1184 disputasar i Noreg i 2010, ei lita auke frå 1148 i 2009.

Som uib.no har skrive tidlegare vart 237 doktorar honorerte ved UiB i 2010. Det er ei auke på 7 prosent frå 2009. UiO auka også med 7 prosent. Ved NTNU er det nullutvikling, medan Universitetet i Tromsø har ein nedgang på 17 prosent.

Dei siste ti åra er det levert til saman 1830 doktoravhandlingar ved UiB.

Auke for medisin og helsefag

Det einaste fagområdet som aukar på landsbasis er medisin og helsefag, i følgje informasjonen frå NIFU. Kvar tredje grad som vart avlagt var innan medisin og helse. Alle andre fagområde opplever nullvekst eller nedgang. Nedgangen er størst innan humaniora.

Fleire kvinner

46 prosent av dei som disputerte var kvinner, ei auke på 1 prosent frå 2009. I fag som medisin og helsefag og veterinær- og landbruksfag ligg kvinneprosenten rundt 60, medan matematikk- og naturfag har ein kvinneandel på 34 prosent.